Redningsøving i Øvre Surnadal

Det blir arrangert ei redningsøving i Øvre Surnadal tysdag 5. mai klokka 1700, der kommunane Surnadal og Rindal skal samarbeide. Hendinga er at ein buss med skuleelevar kolliderer med ein personbil, og at skadeomfanget er høgt.  "Bussulykka" skal skje på nordsida, cirka 500 meter frå krysset opp til Dalsegg i retning Rindal. Heimesidene til Surnadal kommune har meir om øvinga og heimesidene til Rindal kommune har dette.