elise einum_550x600

Elise Kristiane Einum valt til ny leiar

Referat frå årsmøte i Surnadal AUF

Fredag kveld var det årsmøte i Surnadal AUF, og Elise Kristiane Einum (bildet) vart valt som ny leiar. Her kan du lese referatet frå møtet, og sjå bilde av det nye styret.

Fredag kveld var det styremøte i Surnadal AUF. Etter at avtroppende leder Ida Andrine Heggset ønskte alle velkommen, starta Astrid Eide Hoem (Kristiansund AUF) møtet med eit interessant foredrag om fattigdommen i verda og deretter om AUF sine visjonar.  Ordførar i Surnadal, Mons Otnes, fekk deretter ordet. Han orienterte om Trollheimstunell-saka. Sist på talarlista var varaordførar, Lilly Gunn Nyheim, som gav ungdommane gode råd om mediahandtering. Til slutt informerte ho om sentrumsplana i Surnadal.

 
AUF legg vekt på eit godt felleskap, og det var både loddsalg, quiz og servering i løpet av kvelden.
Årsmøtet vedtok handlingsplan for 2012, denne blir presentert ved eit seinare høve.
 
Nytt styre:
Valgkomiteen presenterte forslag til nytt styret, dette blei einstemmig vedteke.

 
Leder: Elise Kristiane Einum
Nestleder: Hilde Nyheim
Kasserer: Ida Andrine Heggset
Sekretær: Tuva Krangnes Edvardsen
Styremedlem: Endre Helgetun
Styremedlem: Maj Kjersti Sogge
Vara 1: Ida Røøyen
Vara 2: Gunn Marit Heggset
Vara 3: Mona Stenberg
Vara 4: Britt Mari Ruud Rørseth