Regglå frå Rindala

Ragnhild Stavne Bolme er i dag innom og kommenterer om regler og leken "bænhårr":

Reggla hass Jo Innbrektslin finn eg  i Årbok for Nordmøre museum 2003.
Den som står der er frå Kristiansund og er heilt lik.
Oppi Bokt'n, kring Holtbrua, hadde dei ein annan variant: Æppel pæppel
pirum parum, kråka satt på furrukvest. Ho sa ein, ho sa to, ute e du no.
I nedre delen av Bokta "ella" dei slik:  Elle melle deg fortelle, skipet
går ut i år. Ri rang, ti spang, titt om pauk, - du e gauk.
Begge desse regglene var bruka i 1920-1930 åra.
Leika "bænhårr" har eg spekulert noko på. Har diskutert dette med folk,
og det var ein som meinte at ordet tyda på at dette var ei leike med
lyd. Da kom eg til å tenkje på at da eg sjølv var lita tok eg og tredde
ei snor gjennom to hol i ein stor knapp. Knytte saman dei to endane i
snora, snurra knappen rundt og drog att og fram i snora. Det vart da ein
summande lyd. I ei bok eg har om leiketradisjonar i Rogaland, fann eg ei
leke laga av eit lite bein i "grislabben" som det var bora to hol i og
tredd ei snor igjennom. I Rogaland vart denne leika kalla "snorlebein".
Er dette "bænhårr" i Rindala?