Janne Carina Strand_1024x683

Registrerer kulturminne

Ca 15 personar var denne veka samla i kommunestyresalen for å blåse nytt liv i arbeidet med å registrere kulturminne i Surnadal. Som kjent har kommunen fått støtte frå Riksantikvaren for å starte opp eit kulturminneregistreringsprosjekt i 2013. På møtet ønska kommunen innspel frå innbyggarane om korleis eit slikt prosjekt bør organiserast og gjennomførast for å få utnytta den tildelte ressursen på best muleg måte.

 

Janne Carina Strand leier prosjektet med kulturminneregistrering i Surnadal. Ho vil bli å treffe på biblioteket to dagar for veka mellom anna for å hjelpe frivillige som arbeider med å legge opplysningar om kulturminne inn i Kulturminneatlaset. Alle foto: Norunn Holten

Janne Carina Strand er tilsett i prosjektstilling på 30 % i eitt år for å leie prosjektet- som også skal munne ut i ein kulturminneplan for kommunen. Utfordringa for kommunen er at dei ikkje kan rekne med å fullføre prosjektet i løpet av dette eine året prosjektet varer. Dermed blir utfordringa å finne ut kva oppgåver prosjektleiarstillinga skal tilleggjast for å utnytte ressursen best muleg. Dei som var til stades på møtet, var representantar frå historielaga i kommunen, men også andre interesserte. Janne Carina Strand, Lilli Husby og Råg Ranes som møtte for kommunen, fekk konkrete og matnyttige tips frå salen å ta med seg derifrå.

Janne Carina Strand kjem til å ha arbeidsplass på biblioteket to dagar for veka, hovudsakleg måndag og tysdag, slik at det skal vera lett å få tak i henne. Der vil ho kunne hjelpe dei som er med på registreringsarbeidet med tekniske og praktiske problem, men også gi opplæring til personalet på biblioteket slik at også dei kjenner framgangsmåtane og kan hjelpe folk etter at prosjektet er avslutta. Det vart også uttrykt ønske om å få Janne Carina Strand på besøk ut til dei ulike historielaga for å orientere om prosjektet, noko ho stilte seg positiv til.

«Kulturminneatlas.no» er ein felles database der alle kommunane i Møre og Romsdal kan legge inn og få oversikt over kulturminna sine. Denne oversikten er tenkt bruka for å kunne ta gode avgjerder med omsyn til planlegging og vern, men basen blir også sett på som ein ressurs og eit viktig grunnlag for skule og reiseliv som treng kvalitetssikra data til formidlinga si. Kulturminneatlaset vart oppretta i samband med kulturminneåret i 2009, og det året vart det derfor gjennomført kurs for frivillige registrerarar i Surnadal.

Kulturminneatlaset skal innehalde dei kulturmiljøa og kulturminna som innbyggjarane meiner er verdifulle. Definisjonen av «kulturminne» er praktisert vidt: det kan dreie seg om alt frå samanhengande kulturmiljø til små enkeltminne. Det kan vera tale om bygningar, kulturlandskap, tekniske kulturminne, vegar, bruer og mykje meir. – Eit kulturminne er alle spor vi finn rundt oss frå tidlegare aktivitet, seier Janne Carina Strand. Dei kan ha både lokal, regional og nasjonal verdi.

Mange av dei som var til stades på møtet i kommunestyresalen denne veka, var med på kurset i bruk av kulturminneatlaset i 2009. Den gongen var ikkje støtteapparatet på plass i etterkant av kurset, noko som førte til at arbeidet aldri kom riktig i gang. Med Janne Carina Strand på plass til hjelp og støtte såg møtedeltakarane no ut til å ville kaste seg ut i registreringsarbeidet fortast muleg. Somme hadde alt laga seg lister over kulturminne dei ville registrere.

Trass i godt oppmøte, ønskjer Janne Carina Strand enda fleire med seg på registreringsarbeidet over heile kommunen. Ikkje minst gjeld dette hovuddalføret, der det ikkje er noko historielag, og der det derfor er vanskelegare å koma i kontakt med dei som kan vera interesserte i å vera med. Er DU interessert? Ta kontakt med Janne Carina Strand på telefon eller ved personleg oppmøte. Ho kan også nåast på e-postadressa: janne.carina.strand@surnadal.kommune.no.

Stor interesse for kulturminneregistrering i Surnadal.