Langvatnet på Nordmarka_715x593

Nedregulering av magasin

Rehabilitering av turbin i Svorka kraftverk

 

Svorka[2].jpg (550×450)

 

Grunna nødvendig rehabilitering av turbin, samt anna nødvendig vedlikehaldsarbeid, vert det stopp i produksjonen i Svorka kraftverk frå mandag 28. oktober og i 6 veker framover.

 

Tidspunktet har ein forsøkt å legge til den mest gunstige tida på året, seier Normann Kjærvik i Statkraft. Denne rehabiliteringa av turbinen er heilt nødvendig for å sikre at den er i topp stand.

 

 

Statkraft er alt i full gang med nedtapping og nedregulering av vassnivået i fleire magasin på Nordmarka for å førebu denne produksjonsstoppen.

 

 

Magasinfylling og vassnivå på magasina våre på Nordmarka kan av denne grunn tidvis bli lågare enn det som er normalt for årstida. Den faktoren som mest av alt avgjer korleis vassnivået i dei ulike magasina blir i tida framover er nedbør i form av regn. Mykje regn vil gje store tilsig og god vassfylling, medan mindre regn vil føre til mindre tilsig og mindre vassfylling.

 

 

Statkraft har tidlegare i år kommmunisert denne stoggen i møter med interessentane på Nordmarka og langs Bævra.