Rein Surnadalsfinale
Med rein Surnadalsfinale vart det ein kjempedag på NM/LM i Molde i dag for Taekwon-Do-folket frå Surnadal.
- Det gror godt i Taekwon-Do-miljøet i Surnadal, seier Kjell Gunnar Polden. Dette er eit usedvanleg godt resultat. Han melder om fantastisk innsats frå både medaljevinnarar og dei andre!
I sparring 85+ vart det rein Surnadalsfinale med gull til Christian Olsen mot Sander Reiten (bildet over). Det var gull nr.13 for Olsen.
Det var 20 medaljevinnarar!
Mønster
Gull: Frida Røen.
Sølv: Kevin Halvorsen, Maren Svanem, Sonja Dyrnes Schei.
Bronse: Lena Sødal Kristiansen, Therese Eikrem Frekhaug, Oda Katrine Valen Leynse, Una Langeland Gravvold
Sparring
Gull: Oda Katrine Valen Leynse, Therese Eikrem Frekhaug, Helene Semb, Christian Olsen.
Sølv: Maren Svanem, André Ellevseth, Sander Reiten
Bronse: Kevin Halvorsen, Valentine Herskedal, Mads Folkestad, Lena Sødal Kristiansen, Marie Vik.
Vi understreker at det var ein kjempeinnsats også frå dei som ikkje fekk medaljer.
Frida Røen (gull) og Una Langeland Gravvold ( bronse) i mønster
Helene Semb (gull) Marie Vik bronse i sparring
Mønster rødt belte senior: Maren Svanem - sølv, Oda Katrine Valen Leynse og Therese Eikrem Frekhaug - bronse.
Frå innmarsjen til Surnadal Takwon-Do-klubb. Christian Olsen er fanebærar.
Alle bilda er fra Surnadal Taekwon-Do-klubb.