Reisebrev frå Austrheim

Etter nokre veker i Austrheim, så kjem her ein liten rapport om omplantinga vår - så langt, helsar Magne og Synnøve Bjørndal til alle i Rindal og Trollheimsporten. Men først har me lyst til å takka så mykje for sist, og særleg då for den storveges avslutningsdagen me fekk i Rindal den 7. juni.

Mange aktørar gjorde sitt til at både gudstenesta, festen i bedehuset og musikal-framføringa sette eit minnerikt og verdig punktum for tida vår i Rindal. Tusen takk, alle saman!
 
Prestepar på plass
To dagar etter kom flyttebilen, og om kvelden torsdag den 11. var heile flyttelasset på plass i Austrheim. No er det meste av det me treng til dagleg der det skal vera i det "nye" huset "vårt", og me trur me skal få det fint her.

Det er eit sjarmerande hus frå omkring 1930 som er prestebustad (over) her. Det vart gjort nokså mykje med det før me kom, mellom anna er kjøkenet og badet nytt. Dei mange vindaugene i stova gjer den ganske heit i den varmeperioden me har no - me er spente på om den vert tilsvarande kald til vinteren.
 
Oppe har Synnøve innretta eitt av romma til kontor og syrom - og i godvér kan ho nyta livet på verandaen utanfor. Ho veit ikkje heilt kva slags arbeid ho får her, men har fått tilbod om ei 20 prosent stilling som kyrkjetenar, og er innstilt på å takka ja til det. Ho har søkt ei 50 prosent stilling i NAV, men veit enno ikkje korleis dét går. Her òg går ho ut frå at det vil gå med ein del tid som lesehjelp, sjåfør osb. for Magne.
Øystein - som studerer i Oslo - er heime i sommar. Han monterer hyller og skrur når noko skal opp på veggane, men vert innvilga litt fri innimellom. :-) Etter kvart skal han arbeida nokre veker på kyrkjegarden og som kyrkjetenar. Knut Arne arbeider i Bergen, og har vore her ei helg og montert datautstyr.
Kyrkja på Fedje.

Me har fått ei hjarteleg og varm mottaking, synest me. Dei tilsette i kyrkja hjelper oss til rette på beste vis. Den 21. juni var det gudstenester med etterfølgjande velkomstsamvær både i Austrheim og på Fedje. Dagen vart lang og litt slitsam og med mange inntrykk, men me fekk med oss mange gode ord og møtte stor velvilje.
Magne har hovudansvaret for prestetenesta i desse to kommunane, og sit i begge sokneråda. I alt bur det ca 3.000 menneske her, så det er ingen fare for å verta arbeidsledig. I tillegg skal han ha ein del tenester (mest gravferd) i tre av sokna i Lindås kommune, men kollegaen der skal gjera omtrent tilsvarande mange tenester i Austrheim og på Fedje.
 
Innvikla? Det synest Magne òg, særleg når han må halda styr på nøklane til fem kyrkjer, og kjenna til rutinar for korleis saker og ting vert gjort på dei ulike plassane. Men overalt er det gode medarbeidarar som viser forståing for at alt er nytt i starten, og han reknar med at han kjem inn i sakene etter kvart.
For den som synest Rindal ligg midt i verda bur me temmeleg avsides, men det burde vera råd å finna fram til oss, for den som har lyst til å sjå korleis me har det. Me bur 6-7 mil frå Bergen, og det går an å køyra hit, sjølv om vegane til dels berre held vanleg vestlandsstandard. Velkomne skal de vera!

Magne og Synnøve Bjørndal
Frå fergeturen til Fedje.