
Rekorddeltaking på Søyacup
Rindals-Troll G7 og i kamp om ballen med sunndalsspelarar. Alle foto. Norunn Holten
Innsatsen har vore på topp i alle kampar, og alle deltakarar fekk reise heim igjen med kvar sin velfortente premie. I tillegg vart to lag premierte for «fair play», det eine plukka ut mellom laga som spela første del av dagen, det andre mellom laga som spela mot slutten av dagen. Det var dommarane og enkelte i komiteen for cupen som var jury, og blant laga som spela først på dagen, stakk 10-årslaget til Bæverfjord av med sigeren. Juryen begrunna avgjerda med at laget hadde utmerka seg med fint og reint spel, at dei hadde rom for alle, at dei gjorde kvarandre gode, at dei fekk fin oppmuntring frå leiarar og publikum og at laget er prega av positivitet og glede- sjølv om det buttar imot. Ranheim G10 fekk «fair play»-prisen blant laga som spela sist på dagen.
Det var eit velsmurt, organisatorisk maskineri som vart starta da Søyacupen 2012 vart sparka i gang laurdag morgon. Start- og sluttidspunkt for kampane vart annonsert frå speaker, like eins pausen i kampane. Dette tvinga alle til å halde tidsskjemaet- noko som nok var heilt nødvendig med så mange lag å halde styr på.
Vi vil også gi honnør til dommarkorpset. Det bestod av konsekvente og tydelege vaksne som bar preg av å ha vore kursa og samkøyrt på førehand. Dømminga var mykje meir klar og tydeleg enn det ein ofte ser på slike turneringar, og dessutan vart dømminga gjennomført på ein måte som viste at det her var tenkt at det også skulle vera ein læringseffekt . Slikt vil vi ha meir av! Sjå meir om det som skjedde på Søyabanen i dag ved å ta ein titt på bilda. Klikk på dei for å sjå dei større eller i serie.