Rekordgraskar hausta på Honnstad
Rekordgraskar hausta på Honnstad
Dette sannsynlegvis største graskaret i Midt-Norge, vart i går, 7.okt., hausta inn av fotograf Nathan Lediard og kunstnar Inga Dalseggpå Honnstad i Surnadal.Han har stor avling av både store og små graskar. Og spenninga var stor da dei største skulle vegast.
Namn hadde dei til og med fått. Seymour, namn inspirert av filmen «Little Shop of Horrors», vog 33 kilo. Og George, oppkalla etter prins George av Storbritannia ( fødd 22. juli i år), vog heile 49 kilo. Lediard hadde håp om at George skulle slå rekordstorleiken på graskar han dyrka fram som gartnar i England. Det graskaret, av same sort som George, vart 52 kilo. Skuffelsen var merkbar over ikkje å nå opp til gammal rekord. Men vi er jo på Nordmøre… Neste år, nye sjansar, seier den energiske fotograf og «hobbygartnar». Dette er første året Lediard prøver seg med graskardyrking i Norge. Erfaringa hans her på Honstad seier at såinga bør skje noko seinare. Juniveret var og elendig i år, så betre må det no vel bli seinare år!
Då kunstmålar Inga Dalsegg fekk nyss i at graskardyrking var på gang i Surnadal, vart ho naturlegvis svært «gira». Ho har i oktober, i 15 år, drive med utskjering av graskar til halloweenfeiringa. Inga har imponert stort med sine kunstferdige masker i graskara. Og med lys inni, er dei heilt magiske.
Interessa for utskjering av graskar starta da Inga studerte på kunstakademi i England. Utdanninga var kunstmåling, men som kunstnar er ho kreativ på mange felt. Og i møte med den sterke tradisjonen med halloweenfeiring og utskjering av grimasar i graskar til halloweenlykter, vart Inga biten av basillen. Så då ho flytta tilbake til Rindal i 2003, tok ho med seg halloweentradisjonen dit. Og sia har interessen for utskjering av graskar breidd om seg i heile Midt-Norge og vidare.
Inga arrangerer og halloweenfestar kvart år, på helg nært opp til sjølve halloweendagen, 31.oktober. Alle må møte i kostyme. Da er det utskjering av graskar og matlaging av fruktkjøtt og graskarkjerner. Berre fantasien kan stoppe kva ein kan nytte denne ressursen i. Som til dømes: Pai, muffins, suppe, pizza, salat, sylta graskar, marmelade, drinkar m.m.
Graskarutskjering og halloweenfeiring har berre «balla» på seg, seier Inga Dalsegg. I fjor var ho både på NRK og gjest i God morgen på TV2, der ho skar ut graskarlykter på direkten. Nationen fann og saka svært interessant, så det vart eit langt intervju.
Inga fortel at ho og i år er invitert til å skjere ut graskar på direktesendt «God morgen Norge» på TV2. Så no er Inga i planleggingsfasen. Har ein del idear, men motivet er hemmeleg, seier ho. Men graskara er klare; Seymour og George fra Honnstad. Både transport og utskjering av desse gigantgraskara må til og med for Inga bli ei stor utfordring. Men ho klarar det ho vil!
Hugs: «God morgen Norge» på TV2, halloweendagen 31.okt.!
Både fotograf Nathan Lediard og kunstmålar Inga Dalsegg er svært så kreative og energiske, og båe har stor evne til å more seg. Så det blir spanande å følgje dette samarbeidsprosjektet «Graskar-Halloween».
Inga Dalsegg og Nathan Lediard med minigraskar
Inga Dalsegg får fullt opp utover: Først får ho besøk av NRK Trøndelag heime i Rindal, så besøk av TV2 Nyhetene ein dag, slik at dei får bli med på heile utskjeringsprossessen, og til slutt skal ho til TV2 sitt studio i Oslo og skjere ut graskar på God Morgen Norge.
Tekst og bilete: Anne Vognild Einum