
Rekordveke i Surna
Statistikken frå surna.no viser at laksefangsten så langt i år har vore langt betre en same periode i fjor. Dei fire første vekene av 2010-sesongen vart det landa 310 laksar med ei totalvekt på 2069,6 kilo. Dei fire første fiskevekene i fjor var tilsvarande tal 201 laksar og ei samla vekt på 1207,5 kilo.

Det er mellomlaksen (3-7 kilo) som dominerer. Men aurefangsten har også teke seg opp, og sist veke vart det teke 16 aurar med ei samla vekt på 30 kilo.
Som tidlegare nemnt i Trollheimsporten, vart det ikkje landa laks på over fem kilo under laksefestivalkonkurransen fredag kveld. Dermed vart det heller ikkje kåra Laksekonge, og neste års vinnarpott blir med det på heile 90.000 kroner.
Gunnar Evensen (bildet) frå Frei var nærast i år, med ein laks på 4,81 kilo. For dette fekk han ein lakseweekend for to på Vårsøg Hotell. Like før premieutdelinga søndag vart det teke ein laks på 7,4 kilo av John Søyseth i Galthølen, men det var altså litt for seint til å bli medrekna i konkurransen.
Komplett resultatliste frå årets fiskekonkurranse:
Sluk:
1. Gunnar Evensen frå Frei, laks 4,81 kg.
2. Bjarne Tellesbø frå Surnadal, laks 4,30 kg.
3. Vegard Gullbrandsen frå Løten, laks 4,14 kg.
4. Rune Lagerløv frå Elverum, aure 1,4 kg.
Flue:
1. Dagfinn Nuncic frå Veblugsnes, laks 3,62 kg.
2. Patrik Emblem frå Vestnes, aure 2,1 kg.
Elva held seg over normalen og fisken bit også denne veka. I går tok Clas Bjørnsrud ein laks på 3,9 kilo, medan Ole G. Halvorsen tok ein på 5,4 kilo.

.png)

