Jon Kristian Aune med diplom og blomster

Æresmedlem i Rindal sau og geit

På årsmøtet i Rindal sau og geit i fredag kveld vart Jon Kristian Aune utnemd til æresmedlem av laget. Han har vore medlem i laget i bort imot 55 år og fekk æresmedlemskapet først og fremst for sin store insats for sauehaldet og for å ha vore ein frontkjempar for beiteretten og i kampen mot rovvilt

Jon Kristian Aune medle seg inn som medlem i Rindal saualslag, no Rindal sau og geit, i 1956 og har sidan vore aktivt med i laget. Bakgrunnen for æresmeldemsskapet er mellom anna dette:
 
- Han har vore leiar i laget i 5 periodar, første gong i 1962/63
- Han har vore medlem i styret også utanom desse periodane
- Han har vore fylkesleiar i Møre og Romsdal Sau og geit
- Han har i alle år vore ein framifrå sauehaldar
- Han har drive aktivt avlsarbeid
- Han var med i gruppa som starta Rindal Dalaring i 1967
- Han har aktivt stått fram og tala sauehaldarane si sak i kampen for beiteretten og mot rovvilt
 
Eit samrøystes årsmøte applauderte æresmedlemsutnemninga på Bolme pensjonat fredag 29. januar
Jon Kristian Aune og Svein Skjølsvold Blomsteroverrekking
 


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Leiar i Rindal sau og geit, Svein Skjølsvold overrekkjer diplom og blomster

Svein Skjølsvold og Jon Kristian Aune med blomster og diplom

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Svein Skjølsvold og Jon Kristian Aune

Jon Kristian Aune med diplom og blomster

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Æresmedlem med diplom og blomster

Styret i Rindal sau og geit 2010

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Styret i Rindal sau og geit stod bak utnemninga: Frå venstre: Studieleiar Ingmund Halgunset, leiar Svein Skjølsvold, sekretær Marit Solheim og kasserar Marit Haltli. Æresmedlem Jon Kristian Aune i midten. Nestleiar Ole Bjørn Grytbakk var ikkje til stades på møtet

                                                                                                                                                                                              Anne S.