Rindal kirke 1 nov 2013

Rett deg opp i Jesu namn!

Det er mange nok av oss som går krokrygga. Dei fleste av oss er mentalt krokrygga. Men me var då ikkje skapte til å bera åket korkje av kva me mistenkjer folk for å meine om oss eller kva me meiner om oss sjølve. I Jesu namn kan me rette oss opp og setja haka beint fram. Noko av dette var tema under gudstenesta sundag 17.november. Les preika nedafor! Nå med bilde av dåpsbarn, faddere, søsken og foreldre.

Alma Landsem-Røen med sine faddere, foreldre, søsken og Lene prest.

 

 

Evangelium: Luk 13,10-17

En sabbat underviste han i en av synagogene. Der var det en kvinne som hadde vært plaget av en sykdomsånd i atten år. Hun var helt krumbøyd og kunne ikke rette seg opp. Da Jesus fikk se henne, kalte han henne til seg og sa: «Kvinne, du er løst fra sykdommen din.» Han la hendene på henne, og straks rettet hun seg opp og lovpriste Gud.

Men synagogeforstanderen ble forarget fordi Jesus helbredet på sabbaten, og han sa til forsamlingen: «Det er seks dager til å arbeide på. Da kan dere komme og la dere helbrede, men ikke på sabbaten.»

«Hyklere», svarte Herren, «løser ikke hver eneste en av dere oksen eller eselet fra båsen også på sabbaten og leier dem ut så de får drikke?

Men her er en Abrahams datter som Satan har holdt bundet i hele atten år. Skulle ikke hun bli løst fra denne lenken på en sabbat?»

Da han sa dette, måtte de skamme seg, alle motstanderne hans. Men alle som var samlet, gledet seg over alt det underfulle han gjorde.

 

Slik lyder det hellige evangelium.

 

 

Det er ein film som er så populær no. Den heiter for Søsken til evig tid. Filmen er ein dokumentar om Oddny og Magnar som bur på Kleiva i Sogn. Dei lever enkelt og er vel tilfreds med det.

Det fyrste som slår meg når eg ser artistane på filmen, er at dei er så veldig krokute – båe to. Vel er det praktisk å vera krokut om ein skal ned og plukke stein eller klappe katta. Men i lengda må det då bli slitsamt!!

 

Oddny og Magnar på Kleiva må nok leva vidare med dei krokute ryggane sine. Men det me har høyrt om i dag, er ei dame som slapp å vera krokut lengre. Ho hadde vore krumbøygd i 18 år og ho klarte ikkje å rette seg opp. Jesus ser henne, kallar henne til seg – og så er ryggen fiksa.

 

Så får dama det travelt som aldri før: Ho rettar seg opp og lovpriste Gud. Fantastisk historie! 18 år med nasen nedover og ryggen bortover – og så er det berre å rette seg opp og gå med haka rett fram. Og lovprise Gud.

 

Ho visste vel kva ho hadde å takke for, denne dama som hadde vore tvikrokut i 18 år. Ho er jublande glad og takkar Gud.

Og så skjer det som det ofte gjer når Jesus gjer noko godt: Det kjem nokon som vil kritisere.

 

Det er ikkje måte på kva dei skal kritisere: Helbredelsen av dette stakkars kvinnemennesket skjer på feil dag! Tenk det, feil dag!!

 

Så svarar Jesus att, og han er tydeleg nok: Når de ordnar med dyra på sabbaten – altså kviledagen for jødane – kvifor skulle ikkje eg kunne hjelpe denne dama som har vore bretta i hop i 18 år? Og Jesus seier det endå sterkare:                                                      

Han kallar dama for ei Abrahams dotter. Altså: Ho er ein av dykk, ho høyrer til hjå dykk, og endå kan de ikkje unne henne å bli frisk berre fordi det er sabbat! Og endåtil seier Jesus at det er Satan som har bunde henne.

 

No blir det vanskeleg her, for det ER vanskeleg å snakke om Bibelen når Satan sjølv er nevnt. Kvifor skulle Satan styre med henne og ingen andre?

 

Det veit eg ikkje. Men eg veit kvifor Satan styrer med oss og ingen andre: Det er for å halde oss borte frå det som er godt og det som gjer godt.

Dama som var tvekrokut, ho var ei Abrahams dotter. Altså: Ho høyrde til det gamle israelsfolket som Gud hadde kalla til å vera hans folk.

 

Kva er me – om me ikkje er Guds born? Det var sagt her ved døypefonten etter at Alma var døypt: Den allmektige Gud har nå gitt deg sin hellige Ånd, gjort deg til sitt barn og tatt deg inn i sin troende menighet. Gud styrke deg med sin nåde til det evige liv.

 

For Satan var det sikkert heilt greit at denne Abrahams dotter gjekk med blikket festa i bakken. Men det var ikkje greitt for Jesus. Difor helbreda han henne og sparka tilbake til farisearane som meinte at det skjedde under på feil dag.

 

For Satan er det sikker heilt greitt å ta styringa over oss også. Han er den vonde makta som vil halde oss borte frå det me er døypte til å vera: Guds barn.

 

Farisearar var det i Israel mens Jesus gjekk på jorda, og farisearar er det i Rindal no. Dei har sitt å seie om kristne, - at me er kristne på feil måte, at kristne hyklar, at kristne trur dei er så mykje likar` enn alle andre, at kristne er fordomsfulle og fundamentalistiske – lista kunne gjerast lang.

 

Og så gløymer både dei som kritiserer og dei som blir kritisert at det er heilt feil å tenkja slik. Me skal ikkje lata slike tankar eller haldningar halde oss nedåt slik sjukdommen heldt denne stakkars Abrahams dotter nedåt.

 

Me skal ikkje lata oss styre og halde nedåt av vondskap, - om det så er ting me trur at blir snakka om oss, eller om det er våre eigne tankar som held oss nedåt.

 

I Jesu namn kan me rette oss opp og vera oss sjølve. I Jesu namn kan me tru på tilgivelse og nytt liv som ligg føre oss. Det er berre å rette seg opp så me ser at det er tilfelle.

 

Jesus har ikkje noko ynskje om at me skal haldast nedåt og bøye oss for kvar ei folkemeining og kvar ein sjølvklandrande og sjølvfordømmande tanke.

 

Tvert imot: I Jesu namn kan me rette oss opp og vera fri og løyst frå alt som heiter trelldomsband. Er det ikkje godt at det er slik?