Rindal IL- Charlottenlund 2
Revansje for Rindal
Heimelaget Rindal hadde måndag kveld besøk av Charlottenlund 2 på Rinnvollen i herranes 5. divisjon. Dei raudkledde skulle revansjera eit 5-1 tap frå vårsesongen, og det tok ikkje lang tid før Rindal viste at dei ikkje ville ta lett på akkurat den oppgåva!
Sjølv om det var ganske surt og kaldt, var speleforholda bra på ei aldeles nydeleg grasmatte på Rinnvollen. Og det tok ikkje meir enn to minutt etter at dommaren hadde blese kampen i gong før den første ballen satt i nota. Og ,nær sagt, sjølvsagt var det Roy Bolme som satte inn 1 - 0 til heimelaget etter at han drog seg gjennom bortelagets forsvarsmur og satte ballen roleg til sides for keeperen. Heimelaget køyrde på og hadde fleire store sjansar før det hadde gått ti minutter, med blant anna eit skot i tverrliggar.
Etter dette roa kampen seg ned betrakteleg og bortelaget fekk meir og meir tak i kampen utan at det førte til dei heilt store sjansane. Heimelaget slurva mykje og pasningsspelet satt ikkje, spesielt inne på motstandarens banehalvdel. Dermed gjekk laga til pause på stillinga 1 - 0 til Rindal IL.
2. omgangen starta med eit visst overtak til dei raudkledde, men fortsatt var det eindel slurv i pasningsspelet. Men i det 60.min. vart Harald Røen takla knallhardt av ein Charlottenlundspelar som fekk raudt kort og marsjordre av kampleiar. Muligens noko strengt dømd, då det til då hadde vore ein fair-spelt kamp, men taklinga var av det tøffe slaget.
Etter dette løfta heimelaget seg og publikum fekk klappa etter meir enn berre knotten utover i kampen. Rindal vann duellane og bortelaget hadde meir enn nok med og forsvara seg så det var svært fortjent då heimelaget auka leiinga til 2 - 0 etter 65 min. og nok ein gong var det Roy Bolme som satte ballen i nota med eit velplassert skot! Like etterpå fekk bortelaget ein stor sjanse, men skotet gjekk i stonga.
Heimelaget førte an resten av omgangen òg, men det gav ikkje uteljing før i det siste speleminutt. Roy Bolme drog seg inn i feltet og sette nok eingong ballen sikkert til sides for Charlottenlunds sisteskanse. 3 - 0! Og hattrick av Roy Bolme, som no er oppe i 23 seriemål denne sesongen. Det er to mål i snitt per kamp, det! Imponerande av "veteranen" !
I tillegg til Bolme, var Harald F. Røen av dei betre for heimelaget, med stor innsats kampen ut.
Fleire mål blei det ikkje og Rindal kunne innkassera 3 nye poeng!
Trollheimsporten gratulerar.
Rindal IL - Charlottenlund 3 - 0
Heimelaget: Anders Grytbakk, Sondre Aune, Jo Trønsdal Bævre, Håkon Mikkelsen, Henrik Folden, Anders Løfald, Torstein Heggem, Harald F. Røen, Steinar Møller, Jostein Landsem.Roy Bolme (3). Innbyttarar: Sander Landsem Kattem, Martin B. Fjerstad, Magnus Eriksen
Rindal IL er medlem av Trollheimsporten.
Anders Løfald luftar skot-foten.
Ein hardtkjempande Harald F. Røen leverte ein meget god kamp i kveld.
Tremålsscorar Roy Bolme.
Torstein Heggem spelte godt heilt til han måtte ut med skade etter 20 minutts spel.
Bra med folk på dei nye tribunane på Rinnvollen.