![bygdebøker[1]_350x233](https://img7.custompublish.com/getfile.php/1561188.1537.xqdawpewex/690x0/4906302_1561188.jpg)
Revidering av bygdebøker for Surnadal
Surnadal kommune skal revidere dei gamle bygdebøkene for heile kommunen, og har no starta innsamling av nyare opplysningar i tillegg til å ha sendt ut spørjeskjema til alle bustader i Todalen. Revideringsarbeidet er organisert som eit prosjekt som er avhengig av mykje frivillig arbeid. Kommunen ønskjer difor kontakt med folk i alle aldre som har interesse for slekts-, gards- eller grendehistorie eller foto og illustrasjonar. Les meir på Surnadal kommune si heimeside.

.png)

