Photographer: Dean Lance Chura

Mykje skjer i haust på Surnadal Kulturhus

Revy, musikk og Vårres jul

Mari Boine, Hans Rotmo, ungdoms-skuleprosjektet "SUSrock 2010" og fjordakabareten "Med segl og Wichmann er blant arrangementa som står på plakaten for Surnadal Kulturhus i haust. I dag, torsdag 16.september, er det klart for konsert med kanadiske Melanie Dekker (bildet) i foajeen.

 

The Melanie Dekker Trio og gjestar Surnadal som ein del av turneen "Here and Now", som skjer i kjølvatnet av lanseringa av CD-en med same namn.

Songaren og låtskrivar Melanie Dekker (bilde nr. 1) skal saman med pianist Mike Bell og trommeslagar Sam Cartwright gjeste i alt 50 konserthus i Finland, Tyskland, Norge, Sverige, og Danmark. Dekker har stått på scena med Bryan Adams, Faith Hill, Chaka Khan og Diana Krall, og har vunne låtskrivarkonkurransar i USA og Kanada.

24. september er det så klart for Mari Boine (bilde nr. 2) med band i Storstuå. Boine har fornya joik og modernisert samisk musikk ved å oppta element frå mellom anna jazz, rock og folkemusikalske tradisjoner fra ei rekkje ulike kulturar.

Dette har gjeve ho eit stort namn både i Europa og USA, i tillegg til tre Spellemannprisar og ei mengde andre heidersprisar samt at ho i 2009 vart utnemnt til riddar av 1. klasse av St.Olavs orden.

28., 29. og 30. september viser 10.trinnet ved Surnadal Ungdomsskule "SUSrock 2010", ei sjølvlaga forestilling basert på norsk rock. Les meir om oppsettinga her.

23. oktober er Teatret Vårt klar for Surnadal med stykket "Hele Norges Bennus!" i Storstuå. Tidlegare Se og Hør-journalist Håvard Melnæs har skrive stykket om Norges mest kjende person, den seks månader gamle guten Bennus som forvinn og set heile landet i sving for å finne han.

Stykket er eit oppgjer med pressa sine prioriteringar og kva for saker som får merksemd. Ina Breivik frå humortrioen S-M-XL debuterer som skodespelar på Teatret Vårt, i rolla som kjendismamma Cecilie Solstraum fra Ålesund.n"

30. oktober opnar Storstuå dørene for fjordakabareten "Med segl og Wichmann", med Bøfjorden mannskor, Todalskoret, Åsskard kyrkjekor, solistar, aktørar, barn og musikkgruppe, og med tekst og musikk av Bernt Bøe. Les meir om kabareten her.

10. november er det så premiere på Svarrabærje Teaterlag sin nye bygdarevy, der namnet foreløpig er hemmeleg. Det blir fire oppsettingar av revyen, som du kan lese meir om her.

Innleiinga til jula skjer 25. november, når Hans Rotmo med mellom andre Henning Sommerro på laget, kjem til Kulturhuset med dobbeltforestilling av "Vårres jul". Surnadal er ein av få stoppestader for suksessoppsetninga, og begge forestillingane i Storstuå er utselt.