
Formannskapsmøtet i Surnadal i gang
Ridehallen på Nymoen eit interkommunalt anlegg
Over formannskapet i Surnadal samla i dag - med ryggen til og til venstre rundt bordet Palmer Vikan (Uavhengig), Lise Bjerknesli (Sp), Bernt Venås (Sp), rådmann Gunhild Eidsli, ordførar Mons Otnes (Ap), settevaraordførar Oddny Hoem, Egil Nerdal (Ap) og Johnny Melkild (Ap).
Lilli Husby orienterte om saka frå rådmannen. - Surnadal må vera med på 25 %, altså 1,312.500 kroner. I tillegg må Rindal bli med skal tippemidlane utløysast og skal ein få kalle seg interkommunal ridehall, sa ho.
Ordførar Mons Otnes (Ap) peika på det positive dette vil få for jentene, som har ei overvekt i interessa her. - Skal vi få på plass dette må Rindal vera med. Da må vi vera raus andre vegen, sa han.
Egil Nedal (Ap) peika på at dette også kan utløyse ein klasse på vidaregåande. - Eit svært positivt tiltak, sa han.
Bernt Venås (Sp) understreka også muligheten for ei hestelinje i vidaregåande. - Men for oss ber saka seg lell, sa han.
Johnny Melkild (Ap) foreslo å dele finansieringa mellom næringsfond og disposisjonsfond. Innstillinga gjekk på å ta alt frå næringsfondet. Det støtta Bernt Venås (Sp) og dei fekk med seg heile formannskapet på det.
Da vart vedtaket slik med deling av finansieringa:
1. Surnadal kommune vil skrive under på avtalen om at Ridehallen på Nymoen blir eit interkommunalt anlegg og ordføraren skrive under når avtalen ligg føre. Surnadal kommune.
2. Surnadal kommune løyver kr. 1.312.500,- i tilskot til bygging av interkommunal ridehall.
3. Tilskot til bygging av ridehall blir finansiert ved bruk av næringsfond.
4. Surnadal kommune gir driftstilskot i 20 år til drift av Ridehallen på Nymoen og føresett at driftsbudsjettet ikkje endrast ut over kpi.
5. Driftstilskott blir finansiert over kulturbudsjettet: 14710 – 130 – 5400 og betalt ut i første kvartal kvart år.
6. Ein føresetnad for punkt 1. – 5. i dette vedtaket er at departementet godkjenner avtalen om at Ridehallen på Nymoen blir eit interkommunalt anlegg inn under spelemiddelordninga.
Formannskapet i Surnadal er i gang og Trollheimsporten følger dette direkte. Det kan også du som lesar med å følge med på Trollheimsporten i løpet av dagen.