Ridekurs i Trollheimshallen
Sist helg var det ridekurs i Trollheimshallen med ein kjent og kjær instruktør. Agnete Hansen tok turen frå Svanvik i Finnmark atter ein gong, og det var populært både hos unge og ikkje fullt så unge ryttarar. Agnete bodde ein periode i Rindal, er godt kjent blant ryttarane i området.
I ridehallen er det aktivitet kvar dag/kveld, og om nokon lurar på kva som foregår kan de ta turen ein onsdagskveld for eksempel. Da er det Cecilie Schilbred frå Straumsnes som har undervisning.
Det å drive med hest er ingen «frøkensport», sjølv om det i helga var berre dreker som deltok. Det å handtere eit dyr på 500 kg i allslags vér og føre gjer seg ikkje sjølv, og det er imponerande å sjå kva desse ryttarane får til!
Tekst og foto: Trollheimen Ride- og Kjørelag/Tove Mogstad Strand
Jentene på bildet over er Hilde Næss, Guro Moen og Anna Vattøy Solli.
Bilder fra kurset:
Anny Synnøve Løfaldli og Ronja
Agnete Hansen, Fride Berg og Abby
Ine Røen på Savannah, Agnete Hansen instruerer.
Bente Rikstad og Bentelin
Agnethe Halgunset
Hilde Næss, Guro Moen, Anna Vattøy Solli og Entertainer
Else Kvammen og Rodiko
Søgni Mogstad Strand og Fox, Anne Marit Løfaldli og South Park