Kvalnesvika b Indreiten Lars

Annonse:

Rimsmedar og kulturhistorie frå Kvalnesvika

Populært turmål med fascinerande historie: Kvalnesvika mellom Bøfjorden og Halsa er søndagens tema på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

Innsendt av Bernt G. Bøe/Bøfjorden Historielag

Ingressfoto: Lars Indreiten kåserer om poetar og tildragelsar på den nedlagde garden Kvalnesvika (Foto Bernt G. Bøe).
 

Kåsør Lars Indreiten fokuserer mest på rimsmedane herifrå – Jon Reitan, Gunnar Betten og Johannes Reitan. Dei skreiv vakre og ikkje minst artige viser og dikt, og mangt eit festleg innslag til Halsa-revyane kom frå det poetiske miljøet i Kvalnesvika. Kåseriet blir illustrert med foto på lerretet. Det er ein forsmak på den større kulturkveld om same tema i Halsa i oktober.

Litt historie frå den fråflytta garden blir med. Funn av fangstgraver, segner og veghistorie flettar seg saman med levd liv i det vakre, men strabasiøse landskapet. Kvalnesvika ligg i dag lengst sørvest i det utvida fylket Trøndelag.

Bøfjorden Sjøbruksmuseum serverer kaffe og sel lodd innan trygge koronarammer. Det er i denne tida plass til 40 besøkande.

Kvalnesvika c Reitan Jon.jpg
Rimsmed Jon Reitan (1882-1961) (Biletet er frå Bøfjorden Historielag sitt arkiv)

Kvalnesvika d Betten Gunnar.jpg
Rimsmed Gunnar Betten (1905-1997) (Biletet er frå Bøfjorden Historielag sitt arkiv)

Kvalnesvika e Reitan Johannes.jpg
Rimsmed Johannes Reitan (1912-1987) (Biletet er frå Bøfjorden Historielag sitt arkiv)

Kvalnesvika f I dag.jpg
Kvalnesvika i dag – populært turmål i storarta landskap (Foto: Bernt G. Bøe).

Kvalnesvika g Trollgaupa.jpg
«Trollgaupa i Kvalnesvika» - nifs historie frå Edvard Langset sine folkeminnesamlingar (Montasje: Bernt G. Bøe).

2020 08 09 Plakat Bøfjorden Sjøbruksmuseum.jpg
 

Bøfjorden Historielag er medlem av Trollheimsporten.