Rindal IL i Holmekollstafetten:
Rindal IL 1 sekund frå opprykk
Rindal IL er svært godt fornøgd med 3.-plass i klasse Menn Senior i Holmenkollstafetten søndag, sjølv om dei var berre 1 sekund unna opprykk til Eliteklassen.
På Facebooksida si skriv Rindal IL Friidrett at laget presterte fantastisk løping. Sluttida var den same som i fjor. Berre BUL og Asker Skiklubb kom i mål før Rindal i klasse Menn Senior.
Laget ville ha vore på 16.-plass i eliteklassen og ikkje rykt ned, men det kan vere like artig å vere i denne klassen og kjempe i toppen heile tida.
Sigurd Fagerholt mot mål i Holmenkollstafetten 2019
Så nær opprykk til Eliteklassen var Rindal IL.
Her er deltakarane i Holmenkollstafetten 2019, på deltakarane står i denne rekkefølga på lagbildet over.
Foto: Rindal IL.