
Øvre Rindal kapell må avlyse 1. juledag
Rindal kyrkje julaftan
Dette er den dagen i året me er som mest fokusert på oss sjølve. Kven skal me vera i lag med, kva skal me eta, korleis skal det sjå ut rundt oss, kva skal me gje og kva skal me få? Det skal gå rett føre seg. Me skal vera glade og lukkelege, sa sokneprest Lene Gåsvatn unde julegudstenesta i dag julaftan. Samtidig må ho beklage at det blir for kaldt i Øvre Rindal kapell i morgon 1. juledag. Men det blir høgtidsgudsteneste i Rindal kyrkje:
Me skal ha det bra – me sjølve og dei som er våre. Er det ikkje slik det er? spør sokneprest Lene Gåsvatn i dagens preike på julaftan.
Den kan du lese her: Rindal+kyrkje+julaftan.doc.
Ha ei riktig god jul!
Øvre Rindal kapell avlyst
Beklageleg nok: Innetemperaturen er for låg til å ha høgtidsgudsteneste i Øvre Rindal kapell som annonsert 1. juledag kl. 13. Gudstenesta i Rindal kyrkje kl. 11 går som planlagt.
Hjarteleg velkomne! Helsing soknepresten.