Picasa

Rindal misjonsforening 100 år.

Under misjonssamlinga på Rindal Menighetshus søndag kveld vart det markert at Rindal misjonsforening er 100 år i år. Astrid Flø hadde sett i gamle bøker og notatar og hadde ein gjennomgang av historia til misjonsforeninga og misjonsarbeidet i Rindal. Ho har vore medlem i foreninga i 51 år og ledar i fleire periodar – rundt 30 år!

Astrid Flø_690x461.jpg (689×461)

Johan og Helene Johnsen var ungt prestepar i Rindal først på 1900-talet. I 1907 stifta Helene Johnsen Rindal barneforening. Medlemmene voks til, og i 1914 vart Rindal pikeforening stifta for dei som var for gamle for barneforeninga.

Rindal kvinneforening er eldre, truleg stifta 1882. Den hadde møta på dagtid og pikeforeninga på kveldstid. Kvinneforeninga vart nedlagt før tusenårsskiftet.

På 60-talet var «pikene» vaksne, og namnet vart Unges Misjon. I 2001 følte medlemmene at det var tid for ny namneforandring, Unges Misjon vart til dagens Rindal misjonsforening.

Astrid Flø minte også om at Rindal hadde fostra misjonæren Martinus Vik. Han var misjonær på Madagaskar, men døde i 1942, berre 58 år gammal.

Rindal kirkekontor har adresse Martinus Viks veg 1. Vegen går austover frå Vikhusa, heimen han bygde, og forbi Gamle kommunehus.

Så kunne Klaus-Christian Küspert, NMS-utsendingen som var på møtet, fortelje at han hadde budd 2 år i huset som Martinus Vik hadde budd i på Madagaskar!

Frå Martinus Vik stammar visstnok denne historia:

Han spurte ei farga jente kven ho tykte var finast, dei kvite eller dei farga?
Jenta svara etter grundig tenkepause: Eg tykkjer no at dei farga er finast, - men det gjer ikkje noko, for i himlen blir vi alle farga!


Ledar i Rindal misjonsforening i dag er Kjellaug Foseide. Ho tente Kittylysa som misjonsforeninga hadde fått frå Region Trøndelag - i lag med diplom frå generalsekretæren i NMS.

Sjå meir om misjonsfesten her!