Trollheimshyttaforran2JR

Rindal og Trollheimshytta

Senioruniversitetet for Indre Nordmøre har temamøte onsdag 25.april kl. 11.00 om ”Rindal og Trollheimshytta”. Senioruniversitetet dekker kommunane Rindal, Surnadal og Halsa, og møta vekslar mellom kommunane. Denne gongen er det rindalingane som har hovudregien, og møtet skal vere på Saga Trollheimen hotell


Det knytter seg mange opplevingar og minne til Trollheimshytta. Turistforeingshytta midt i Trollheimen har vore turmål og arbeidsplass i over 120 år, og mange kan fortelje om strevsomme turar med mat og utstyr, eller om meir eller mindre dramatiske opplevingar sommar og vinter på godt føre og / eller i utrygt føre og ruskever. Denne gongen er det Sigrid Nerbu, Fredrik Løset og Morten Halgunset som er ressurspersonar, men det er sikkert mange i distriket vårt som kan supplere med personlege opplevingar frå turar til Trollheimshytta.


I tillegg blir det sjølvsagt høve til både kaffe og kake og ein kaffeprat!