Rindal på lufta i Trønder-radioen
NRK Trøndelag sender direkte frå Rindal onsdag ettermiddag fram til kl. 17.00. Programledarane Magnhild Øwre og Jørn Haudemann-Andersen har godt samspel med redaksjonen i Trondheim, og programmet vekslar mellom direkteinnslag, tidlegare opptak og musikkinnslag
I det første innslaget møtte vi Inga Dalsegg og Ola T. Heggem på hjørnet ved Coop Ekstra, og oppdraget til Inga var å teikne ei skisse av ordføraren på direkte radio på 3.41 minutt.
Vi fekk innslag med rindalsmusikaren Jo Sverre. Det var opptak frå Trondheim. Frå Dalalåven fekk vi samtale med Tom Godtland, som er tilsett i Rindal IL og i Rindal Næringsforum..
Vidare gjekk turen til Rindal Skimuseum der Kari Elin Bolme Løfaldli tok imot dei og orienterte om museet, og vi fekk høre ein prat med dagens skiverdensmester frå Rindal, skiorienteringsmesteren Lars Hol Moholdt.
Vi merker oss at teknikken har gått sterkt framover når det gjeld radiosending. Mikrofon, headsett og ein liten «dings» for internettkontakt på eit bord er nok til å ha kontakt med Trøndelagskontoret og til å nå ut til heile verda!
Får du ikkje med deg sendinga direkte, så kan du høre den på internett her.
Reportarane følger spent med på teikninga til Inga Dalsegg.
Slik vart skissa av ordførar Ola T. Heggem, som sit og spekulerer på kva han skal gjere til hausten....
Åse Børset vart intervjua om rindalsdialekta, som var starten hennar på å lage ca 120 plakatar og seld 3-4000 plakatar. Ein hamnar i Tyholt.