Rindal på skive

I dag vart dei første opptaka til ei ekte Rindalsskive gjort i Rindalskjerka! Det blir ein CD med lokale tekster og melodiar framført av lokale utøvarar eller unge med sterk tilknyting til Rindal.

Søndag vart dei første opptaka gjort av Øra studio med rindalingen Jo Ranheim og Ola Langli med forfedre frå Rindal ved "spakane". Turid Røen Kroknes song inn to melodiar: teksta Blå time av Edvin Opøien, melodi Jo Ranheim, og Se solens skjønne lys og prakt med tone frå Rindal. Ola Sæther las inn eit dikt om Skåkleiva av Edvin Opøien. Blandt dei andre utøvarane som skal vere med nemner vi Blæst'n, Eva, Magne og Einar Lillegård og Lars Landsem. Du kan lese alt om dette prosjektet i eit oppslag tidlegare på Trollheimsporten! Ein reknar med at den nye CD'en blir ferdig i god tid før jul i år.
Jo Ranheim akkompagnerte Turid Røen Kroknes på gitar under opptaket. Kanskje legg han til andre instrument i studio?
Før, mellom og etter opptaka blir detaljar studert og diskutert.
Turid sjekker om opptaket vart slik ho ønska det.
Diktet vart også gjennomgått og fraseringa planlagt før innlesinga. Den fine akustikken som var eit pluss for songen, passa ikkje så godt for opplesinga. Ola måtte derfor lese diktet vendt mot preikestolfoten!