Rindal Pensjonistlag på tur

Torsdag 28. mai drog 44 rindalingar ut på tur med Kjell Bråten ved rattet. Vi køyrde om Sunndal, og etter ein liten stopp på Øksendalsøra kom vi fram til Angvik. Angvik Gamle Handelssted er eit flott hotell og museum.

P1020815_690x388.jpg

399_690x518.jpg

Museet viser verksemdene til familien Angvik. Det var 12 søsken som gjekk i fotefara til faren og starta verksemder i Angvik og i Kristiansund. Angvik møbelfabrikk, Angvik Auto, ferja Tingvoll-Angvik, skjortefabrikk, fleire butikkar og postkontor kan nemnast. Alt dette var vist på museet. Etter at vi var ferdige på museet, var det mat i dei flotte stuene på hotellet.

404_690x518.jpg

Vi reiste vidare utover langs Sunndalsfjorden. Som rindalingar laut vi stoppe ved Øre kyrkje og fotograferast ved bautaen over bondeføraren John Neergaard. Han var fødd i Rindal, men budde det meste av sitt vaksne liv på garden Dønnem i Øre.

408_690x518.jpg

Etter Krifast køyrde vi på sørsida av Sunndalsfjorden til Tingvoll. På Tingvoll var det så mykje program at gruppa laut delast.

På Tingvoll gård driv dei forskning i økologisk jordbruk. Ei gruppe såg det nybygde fjøset der dyra kan gå ut på verandaen og lufte seg året rundt. Vi såg og bioenergianlegget. Der blir husdyrgjødsel omdanna til energi, og denne blir brukt til å varme opp rom på garden. Vi såg og Stjernehagen som er Bioforsk sin demonstrasjonshage for småhagebrukarar. Der har dei eit 4-årig vekstskifte for å få utnytta næringa i jorda best mogleg.

411_690x518.jpg

Det var og skulehage på området. Den var inngjerda med levande flettegjerde av pil.

P1020819_690x388.jpg

Resten av gruppa ville sjå Tingvoll kirke. Der var vi så heldige å få orientering om historia til kirka  av «gammelpresten» vår Magne Bergslid.

 

Så bar det strake vegen heim etter ein innhaldsrik dag.

 

Tekst: Ann Grimsmo. Foto: Ann Grimsmo og Ragnhild Stavne Bolme.