Vann eiga turnering
Rindal Winter Classic ein suksess
Rindal Winter Classic blei arrangert laurdag, og sjølv om gradestokken viste rundt 15 kalde grader, var det meget bra oppmøte av ivrige tilskodarar som fekk både fart og spenning allereie i opningskampen.
Sagene puck klubb står som arrangør av noko så sjeldsynt som ei hockeyturnering i Rindal. Dei hadde lagt forholda godt til rette både for publikum og spelarar. Mange tilskodarar, ca 100 i talet, hadde tatt turen til hockeybanen på Sagene i Rindal for å få med seg noko som må reknast for å væra den første hockeyturneringa i Rindal, ja kanskje til og med den første på indre Nordmøre. Fleire lag var invitert til å væra med på turneringa, og det var lag både frå Trondheim og Surnadal. Som seg hør og bør på slike idrettsarrangement, spelte Blæst`n nasjonalsong og ordførar Ola T Heggem fekk æra av å opna turneringa ved å droppa pucken på opningsmatchen. Sjølv om tempraturen var av det kalde slaget, så såg det ut til at både publikum og spelarar trivdest reint så bra.
Desse laga var med i turneringa: Sagene puck klubb, Astor, Leangen, TRD Underdogs, Latvia og Surnadal Blades.
Finaleresultater:
Kampen om 5. og 6. plass: Surnadal - TRD Underdogs 3-0
Bronsefinale: Latvia - Astor 4 - 3
Finale: Sagene Puck Klubb - Leangen 4 - 0
Heimelaget varta opp med godt spel i finalen og kunne fortent løfte "bøtta" som bevis på at dei vann årets Winter Classic!
Vi får berre håpa at det blir hockeyturnering neste år òg, for dette var verkeleg underhaldning for dei frammøtte.
Vinnarlaget i årets Winter Classic; Sagene Puck Klubb!
Eirik Tørset hadde god grunn til å glise, både med vel gjennomført arrangement og for å ha scora 3 mål i finalen!
Blæst`n stilte opp med korpsmusikk. Ekstremsport å reknast i det kalde været!
Bjørn "Boje" Løset fekk utdelt ildsjelpris av Eirik Tørset. Løset er ein stor ressurs for klubben og ser til at banen er i topp stand til einkvar tid. Høgst fortent pris!
Ordførar Ola T. Heggem droppar pucken på opningskampen. Ein kamp som forøvrig endte med 5-0 siger til heimelaget over Surnadal.
Mali Løset testar målmannen med eit skot!
iTrollheimen med Gøran Bolme, stilte med lavvo, bålpanne og kaffe på svartkjel.
I matteltet kunne man få seg mat og det var "Kølle i lompe" og "Puckburger" som sto på menyen! Britt Grete Moen sørga for at det var noko å bita i.