Rangering_cropped_113x172

Doktor ingeniør Lars Ole Løseth

Rindaling attom smartare oljeleiting

Når dei store oljefelta går tome, blir det vanskelegare å finne nye. Rindalingen Lars Ole Løseth forskar for å lage meir effektive leitemodellar. – Vi arbeider med avbilding av undergrunnen. Poenget er å avdekkje kvar det fins olje og gass, seier han i eit forskarportrett i Adresseavisen 29. desember.

Tradisjonelt foregår dette med seismikk (lydbølger).

– Ved å bruke elektromagnetiske bølger får vi litt andre svar. Elekromagnetiske bølger avdekkjer andre eigenskapar og kan gje eit bedre bilde av kvar ein finn olje og gass. Metoden skil betre mellom kva som er olje og kva siom er vatn, enn kva seismikk gjer, seier han.

Lars Ole Løseth (til høgre med fløyte under ein Bøgdakveld i Rindalshuset)  er utdanna sivilingeniør i fysikk frå NTNU i 2000. Han har jobba med elektromagnetisk oljeleiting og er doktor ingeniør frå 2007, og sidan da forskar i Statoil. Han er født i Rindal og er sambuar (Marte Landsem) og dei har eit barn.