
Rindals eldste fyller 105 år i dag
105-årsdagen vart feira sist søndag i lag med med familien; 4 søner, svigerdøtre, 3 barnebarn og to oldebarn.
Inga bur heime på Skarset i Rørdalen i sokkelen hos sonen Inge og svigerdotra Aud Kari. Kvar dag står ho opp sjølv, kler på seg og lagar seg frokost, men får hjelp av svigerdotra til å sette på plass høyreapparatet. Men no i sitt 105. år har ho slutta å lage middag. Etter jul tok ho imot tilbodet om å få varm middag brakt på døra. –Det er vindle’, synest ho.
Hovudet er enda klårt, syn og hørsel er naturleg nok svekka, men ikkje verre enn at ho under godt lys les avisa Sør-Trøndelag dei dagane ho kjem ut. På fjernsynet er det ikkje lenger så mykje som interesserer, men Dagsrevyen og Tore på sporet må ho ha med seg.
Hukommelsa har vorte verre, synest ho sjølv, medan dei andre i huset har ikkje merka så mykje til det. Gamle folk blir òg ofte skjelvhendte, men Inga har enda eit fast grep rundt kaffekoppen.
Inga har vore velsigna med ei god helse. Ho har ingen ”vondtar” og medisin har ho ikkje bruka før etter at ho fylte 100. I dag tek ho ein tablett om dagen. Tre gonger for veka stikk heimesjukepleien innom.
To av søstrene til mora reiste i ung alder til Amerika og Inga har vore flink til å halde kontakten med slekta si der. Da vi besøkte henne på 100-årsdagen hadde ho nyleg skrive to brev til Amerika. No har ho slutta med det, og dei fleste av dei ho hadde kontakt med i mange år er borte. Men i fjor sommar kom det ein ung amerikansk slektning på uventa besøk. Det var stas!
Inga har vore medlem i Rindal Sanitetsforening i ”alle år”. Ho har betalt kontingenten sin for 2013 også. Truleg er ho de eldste sanitetsmedlemmet i landet, og det er vel lite sannsynleg at Rindal Sanitetsforening får fleire høve til å dele ut blomster ved 105-årsdagar.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Bureisararkone i Rørdalen
De e litt tongt å vend att fær den så fer å går,
minn lett oss sjå attendatt edag e hoinder år
Da låg det skodd på vatnå, dem såg ittj dag frå natt,
å bløtt de va ni botna så vatna kvest og skvatt.
Her var berr myr å rabba, - me vokstra va det skrot.
Å bjønn det jekk og labba å ræven låg poinn rot.
Litt krekling fanst på raddå der det va tørt å bratt.
Vekkarin satt på gaiddå å hågd så føsken datt.
Frå ”Prolog åt 100-årsfesta e Rørdala, år 2028”, skriven av Ingebrigt Røen i 1928
I 1926 kjøpte Møre Landbruksselskap 4300 dekar til eit nytt bureisingsfelt i Rindal. Året etter vart feltet delt opp i 18 bruk. Det er dette som i dag er Rørdalen. Salsprisen var 10 kr. pr dekar og minst 10 % måtte betalast kontant og heile kjøpesummen måtte vere innbetalt innan 2 år. Innan 2 år måtte bureisarane òg ha busett seg på plassen, og etter 6 år måtte dei ha dyrka minst 20 dekar og deretter 2 ½ dekar kvart 4. år
Eit krav var at kjøparen måtte ha fylt 21 år, ha god vandel og vere vant med og interessert i jordbruk.
Alfred Elshaug frå Landsemholten fylte alle desse krava så nær som eitt da han meldte seg på for å kjøpe parsellen som skulle bli heimen Skarset. Han var enda ikkje fylt 21 år og måtte få dispensasjon.
Det fekk han, og starta opp som ung bureisar med friskt mot i 1928. Det første huset på bruket var ei høyløe han drog fram med handmakt frå Grøsettjønna, og her budde han den første tida. Omn frakta han med seg til den nye heimen på sykkel. Fjøs og våningshus kom opp i 1930-31. Samtidig dyrka han jord, først med handmakt, sidan vart det brukt okse. Oksen var rekna for å vere sterkare til slikt arbeid enn hesten.
Hit kom Inga Elshaug som nygift i 1941 og vart bureisarkone. Og her venta ein lang arbeidsdag. Her var det mykje å ta tak i både ute og inne. Medan mannen, Alfred, var mykje borte på arbeid for å spe på økonomien, var Inga den som var heime og tok seg av både hus- og fjøsstell. Etter kvart fekk dei fire søner som kravde sitt; Jon, Inge , Arne og Alf. Dei laut òg finne seg i å hjelpe til etter som dei vaks til. Med åra vart det oppdyrka om lag 40 mål, og på det meste hadde dei 4-5 kyr og 15 vinterfora sauer.
Inga og Alfred Elshaug var eitt av dei mange para som starta opp som bureisarar i Rørdalen. I alt var det 18 optimistiske ungdomar som kjøpte seg parsell og byrja her i dei harde åra kring 1930. Som Inga Elshaug seier: ”Pengar fanst ikkje.”
Dei hadde berre unge og sterke kroppar, og stort mot og arbeidslyst å lite på. Gleda var å sjå at det grodde der du hadde dyrka og sådd, få fleire dyr på båsen , skape seg ein heim og eit levebrød og oppleve at alt gjekk sakte men sikkert framover.
Inga Elshaug er den siste som lever att av denne første generasjonen som starta i Rørdalen.
Somme gav opp undervegs, men dei fleste av bruka er i dag vakre og velstelte gardar. Mange stader, som på Skarset, står fjøset tomt i dag, men det finst òg dei som satsar friskt på mjølkeproduksjon.
Utviklinga har nok gått minst like fort som Ingebrigt Røen spådde, da han den gongen nydyrkinga starta i 1928, skreiv sin ”Prolog åt 100-årsfesta e Rørdala, år 2028.” Prologen sluttar slik:
minn no he kvar ei kjærreng sin eiin luksusbil
å kjøre sænt å tile te Nybø å te by`n,
knapt-nau det røkk-te mile; fær fort de går så lyn.
minn foll tå allslags prettå e båe sortan hau.
-Når sola kliv ev fjelle ho skin så blankt å hett,
å monin lika stelle- han flire stort og brett

Heimen Skarset ligg vakkert til ved Rørvatnet.