- Eg har følgt med i serien om gamle ord og uttrykk, skriv Magnar Almberg. - No har Marianne Løset utfordra meg, og når ho samtidig gjev gode tilbakemeldingar på Museumsquizen på museet i sumar, vert freistinga for stor.
(Her kjem første del):
|
Først til Lars Gudmund Røen: Når han sier at e natt he det komme skosjnø på Eia og att det fort er ei sleafylling lenger oppi dala, kan eg berre seia att det går nå midt på legg oppi Rindala da, å kjem en litt te markain kan det fort nå poinn raua. Redd for at du he vorre for leine inni Surndala no ja, for mea du va oppi Rindala vil e tru at det vart mykje på blokken, å itt på blokkjen. Du skriv hannåhaft, eg trur det må vårrå det sommå som handahaft, det vil seia: Opprådd.
Så til Egil Rindli si liste over gamle ord: Dei fleste er kjent for meg, men slett ikkje alle, heller er eg ikkje samd i tydinga av alle. Dåsast trur eg betyr at ein snakkar på nokon i litt nedsettande ordelag. Gålka tolkar han som eit lite oppkast og det er vel for så vidt rett, men eg meiner at det var bruka om spebarn. Når dei hadde fått patte så ville det gjerne kome oppatt litt, derfor var det viktig at ein ikkje la dei ned med eingong, slik at dei fekk rape, da unngjekk ein golkinga, men eg må berre føye til at det er for lenge sidan eg var i den situasjon, så ein gløymer fort slike ting. Men når det gjeld golking så var det vel å bruka om oppkast, det va mang en så sto atta Torshall å golka. Tydinga av ei tofjøl er eg ikkje samd i, den var vel bruka til å tøva ty med, men det var vel til vasking av klær først å fremst tofjøla var bruka til.
(Framhald!) |