|
Morten Svinsås har ei lang liste med ord: "Velhamsa" meiner eg at var bruka om store sterke, godt bygde mannfolk. "Attluggu" det er ein åker som er isådd, det meste av jorda var åpen åker isådd med korn, men når det var isådd med grasfrø for at det skulle haustast gras, vart det kalla ei "attluggu", det vil seia at åkeren er "attlagt". "Amplaus" fri for plikter. "Håvåll" skriv ein ordet slik så er det ein del på ein vevstol, men den forklaringa som Morten har er at det er tida mellom våronn og slåttonn, da er det rette namnet:"håbbåill", håbalen som det står i Nynorsk ordbok. "Kakmjøk" dette er vel rett tydinga men eg hadde velt å skrive "kakmauk" "Stråkkå føttå" betyr att noko kjem på rekke og rad. Til dømes: Kyrne kjem etter kvarandre. "Snelengsnør" her trur eg det skal vera "snerleng" slik har eg høyrt det, elles er tydinga rett. "Foill kjell" tydinga er nok rett men eg har vanskeleg for å seia dette med tjukke l-er. "Gått om håll" her meiner eg tydinga er: at til dømes kua er velfødd. "Bekkvogn" det er rett som Morten sier, men ei bekkvogn har tipp og var bruka til mange ting. "Dråk" det er jente. Fleirtal drek. Men det kunne og vera ei gammel dråk, d.v.s. ei ugift kvinne. "Mekveldskaffe" her trur eg heller det måltidet var i 7 tida om kvelden. Midtkvelds altså. "Krobb" her antek eg at tydinga er rett bortsett frå ein trykkfeil. Det skal vera "tjoning," å ha mat til dyra i.
Til Ingrid R. Haltli. "Snøple" her meiner eg at det bety: det er vel lite,t.d. Blussinn din e vel snøplin, det tyt da ut både her og der. "Melesin" er ukjent for meg, i nerbygda var det medesin.
Even Svanem nemner "uti dørn" vanleg tale om gangen, oppå "døralofta" vart da oppå lofta. Så va det "Stakkalonga" vanleg bruka om gutar frå tolvårsalderen og oppover. Eg trur det var meint at dei var ikkje fulle arbeidskarar enda, for når dei vart det var dei "Stakkalla". Dette uttrykket var bruka i nerbygda.
Tilslutt vil eg koma med nokre ord som dåkk kan spekuler litt på: Smalle ordet uttales med tjukke l-er Jælk Vekarre Rempleng Frøkjin (frøkje) Å kost Vemmelt Fukje Tander Mjenn---- mjenna Avåt og Åt - kva er forskjellen? Svangainn Hummulspota |