Rindalsdialekta

Dialektsida har lege i dvale lenge no. Kanskje på tida å vekke ho til live att?

Her om dagen tok eg til å tenke på eit ord. Vi hadde vore på molttur. Det er vel kanskje ikkje noko stort moltår i år, men det vart da ein brukbar fangst. Det var berre det at mykje av bæra var misbua. At bæra er misbua betyr at ho er feilmogna og ikkje så fin som ho hadde vore under ideelle forhold.
 
Frå Orkdalen er eg vant til at folk sa at bæra var buen når ho var mogen, og i følgje Trønderordboka er det ordet vanleg i mange dalar i Sør Trøndelag. Og skulle rindalingane ha bruka det ordet, ville dei ha sagt at molta var bua.
 
Men i Rindalen er molta er gjord, og da skulle det vere logisk å tru at bær som ikkje er rett mogna var misgjord, men nei da, da er ho misbua!
 
Anne Skjølsvold