Rindalsord - kommentarer
Ragnhild Stavne Bolme kommenterer noe ord og uttrykk som andre innsendere har kommet med:
Først til Kjell Svanem.
I barndommen min vart det sagt uti dørn og oppå døralemma, om gangen og
gangloftet.
Dårgåtten meiner eg er på innsida av dørkarmen (dørstokken medrekna),
det som er utfrest og som døra fell inn i. Mange har sikkert klemt fingrane i dørgåtten.
Aller ilast vart det dersom fingrane kom inn i dørgåtten på den sida der hengslene
var plassert.
Så til orda som Jorunn Stormo sendte inn til Driva i 1995.
Eg bad mor hennar, Johanna Møkkelgård, skriva opp rindalsord til meg for
mange år sidan, så eg har same lista liggande.
Eit ord i lista er feil, nemleg ordet birkane. Det skal ver birhane og
det betyr krane, som det står.

Anne Skjølsvold.
Eitt høyeinn er ei haupute i Rindala. Johanna Møkkelgård skriv høyønn,
det er sikkert også rett, for det var variantar etter kvar i bygda ein
budde.
Utapå høyeinnet var det høyeinn-ver (putevar). Som madrass var det
oftast halm (halmbonster). Oppå kunne det vera fjørbonster, det var litt
finare.
Oppå der kom poinneplagget (lakenet). Om vinteren var det ofte bruka
ullpoinneplagg av tunn vadmel (kvitvøinnmøl). Skinnfellen var vanleg som
sengeklede. Fårløfellane var likaste, for dei var laga av skinn frå sauer
som var slakta om hausten. Stækkatæppen var også bruka, mest om
sommaren. Det var heimsydde vatt-tæppen. Tæppen er det same som dyne.
Til finbruk vart det bruka overlaken. Det hadde ofte brodering eller hekla
mellomverk i eine enden, som vart bretta over kanten på tæppenet.
Når ein la seg, var det viktig å ordna seg med ei god fotbokt nedi
fotspennån, - og kom det ein utpåkar, var det vel trøggast at han satt
på sengstava.

Helsing
Ragnhild Stavne Bolme
Ragnhild Stavne Bolme

.png)