Rindalsstaven (2)
Ragnhild Stavne Bolme i Rindal Heimbygdlag vet en god del om Rindalsstaven. Blant annet at det fins minst 31 stykker i privat eie i Rindal! Ho skriver:
Det er fint at desse spesielle skistavane kjem meire fram i lyset. Rindal Bygdemuseum har fem slike stavar i sitt eige. I samband med Kulturminnedagen 2001, der temaet var tre, fekk museet låne utstillingsplass i Rindal Sparebank. Skistavane frå museet, saman med to stavar frå Nordmøre museum + 31 stavar i privat eige frå Rindal var da utstilt! Stavane vart fotografert og registrert og det vart sendt kopi til Skimuseet i Holmenkollen. Så vidt eg veit har det ikkje vore forska noko vidare på desse stavane, - men du kan gjerne oppfordra lesarane av Trollheimsporten, slik at vi iallefall får greie på kor mange slike skistavar som eigentleg finns i bygda.

.png)

