
Risikoferd over Øye bru
Mange syklistar har hatt eit ublidt møte med gang- og sykkel-vegen over Øye bru. Har du éin gong sykla over asfaltopphøginga på veg inn på brua for så å smelle sykkelhjulet ned i den breie glipa, har du truleg fått ei ”understellbehandling” du aldri gløymer, skriv Bjørn Tore Brøske i dette lesarinnlegget på Trollheimsporten.
Å vere syklist i nedre Surnadal er ikkje så aller verst. Med unnatak av at mange bilistar tydelegvis meiner at mjuke trafikantar har vikeplikt i fotgjengarfelt, er det stort sett trygt og behageleg å bruke tohjulingen for å kome seg dit ein skal.
Men eg skriv ”stort sett”, og det er fordi det særleg éin plass - eller rettare sagt to - kan vere både smertefullt og direkte farleg om du ikkje passar på.
På kvar ende av gang- og sykkelvegen over Øye bru er det store gliper, og i tillegg høge ”ryggar” av asfalt. For å seie det slik: Har du éin gong sykla over ei slik asfaltopphøging på veg inn på brua for så å smelle sykkelhjulet ned i den breie glipa, har du truleg fått ei ”understellbehandling” du aldri gløymer.
Endå verre er det å kome seg ut frå brua. Er du ikkje 100 prosent og vel så det på vakt, risikerer du bråstopp og ein stygg velt når framhjulet treffer den brutale overgangen mellom betong, brei glipe og høg asfaltrygg.
Løysinga for oss som kjenner til desse risikoplassane, er å bremse ned i god tid og enten gå eller sykle forsiktig forbi heilt ute på eine sida, der det er litt mindre ille enn midt på. Mange syklistar har hatt eit ublidt møte med gang- og sykkelvegen over Øye bru. Den som ikkje er klar over farane, kan faktisk bli stygt skadd – og det må syklistar i Surnadal få sleppe å risikere.
Årsaka til glipa og asfaltopphopinga ligg vel i at Øye bru blir samantrekt og utvida av temperaturendringar. Men den som har ansvaret for fylkevegen, har klart å sørge for ei normal brupassering for bilistane. Da bør det vel ringe ei bjelle for at også syklistane må få komme seg over med helsa og forplantningsevna i behald.
Bjørn Tore Brøske