Erling Solem 2_350x253

Gruppa Transistor klar med CD

Rock'n'roll med bakels å græt

Med 70-talsinspirert rock og nynorske tekster om alt frå øl, kjærleik og moderne teknologi til rododendron og bakels å græt(!), er Transistor no ute med CD-en "Som vist på radio". Surnadalingen Erling Solem (40) er gitarist og hovudlåtskrivar i bandet, som i helga markerer platesleppet med konsertar i Trondheim og Kristiansund.

Erling Solem er eit kjent musikarnamn i Surnadal etter å ha spela i diverse band sidan slutten av 80-tallet, i tillegg til å ha gjeve ut rundt ti CD-ar med diverse prosjekt.

Det var også Solem som saman med vokalist, tekstsforfattar og komponist Terje Espe (59) frå Nordfjord i 2005/06 starta The Strikkajakkers, som seinare vart til Transistor. Med seg i gruppa har dei gitarist Donald Bruset (59), bassist/produsent/låtskrivar Terje Craig (45) og trommeslagar Torgeir Bitnes Dammen (25).

På CD-en har dei også hjelp av keyboardist Bård Svendsen, som tidlegare har spela med mellom andre Åge Aleksandersen, Terje Tysland, TNT og Stage Dolls. Gjestevokalist på "Draum" er Bente Smaavik, kjend frå blant anna Blonde on Blonde, Perfect Crime og Four Jets.

Bandmedlemmene er spreidd rundt om i Midt-Norge, men har base i Trondheim, der ugjevinga av "Som vist på radio" blir markert med sleppefest på Lille London i kveld, fredag.

Tidlegare har gruppa gjeve ut ein seks-spors CD og ein single. Transistor sin musikk er ein miks av melodiøs rock'n'roll, ballader og heavyrock. Solem sørgar også for assosiasjonar til folkemusikk når han brukar mandolinen på enkelte av songane.

I tillegg til at delar av gitaropptaka er gjort i Skoglund ungdomshus i Bæverfjord, har Erling Solem også sikra at tre av tekstene på "Som vist på radio" har eit klart "surnadalpreg". "Kvitsymreflekken" er eit dikt av Jørgen Gravvold som Solem har sett melodi til. Den småheavy rockaren "Bakels å græt" (med refrenglinene "Bakels å græt, bakels å græt. Smærgræt, smærgræt. Bæst e væt, bæst e væt") er Terje Espe si humoristiske historie om da han ville ha vaffel med ost, men vart møtt med bakels å græt. Skeptisk, ja...

- Terje fekk dialekthjelp av meg i studio, seier Solem med eit smil om melodien der forøvrig Tove Bævre har gjesteopptreden som kioskdame.

Humoren går igjen i mange av songane på CD-en. Ikkje minst bør den svært så fengande og Status Quo-aktige rockaren "Rododendron" ha store sjansar til å bli ein publikumsfavoritt, med si smått surrealistiske tekst om - ja, nettopp - rododendron. Her var det Solem som gav Espe stikkorda "rododendron" og "Svinvik", og resultatet vart ei temmeleg spinnvill historie om mannen som satt fast oppi rododendronen.

- Det er naturleg for oss å bruke nynorsk og dialekt. Det er lett å skjule tøv bak engelske tekster, så det krev meir å skrive på norsk. Men det er norsk som er språket vårt. Ei gruppe som Kaizers Orchestra har da også vist at du kan gjere suksess med norske tekster i andre land, så lenge det er kvalitet i det du presenterer.

Lokalt er CD-en å få kjøpt på Coop Mega i Surnadal. Interesserte kan også ta kontakt med bandet via heimesida www.transistor.bz.