4H

Røsslyngen 4H fekk ungdomsmidlar

12 ulike prosjekt var gode nok då Ungdomspanelet i Møre og Romsdal gjorde unna første tildeling av ungdomsmidlane. Ungdomspanelet deler kvert år ut kr 250 000,- til ekstraordinære tiltak for ungdom. Røsslyngen 4H i Bøfjorden fekk 25 000 kroner til støtte for bygging av jordgamme.

Under møte 16.-17. april i Geiranger vart kr 125 000,- delt ut til søkarar frå heile fylket. Mange gode søkarar vart vurdert, og Ungdomspanelet måtte gjere tøffe prioriteringar. Til slutt vart 12 søknader prioritert i denne runden, men ein oppfordrer alle gamle og nye søkarar til å huske på søknadsfristen 1. desember for neste tildeling. Sjå heile oversikta over tildelinga her.