Røstagudsteneste

Sokneprest Vidar Rygh heldt gudsteneste på Røsta i Vindøldagen denne dag, og mykje folk var møtt opp, ca 70. Det er ein fin tradisjon med sommargudsteneste nær naturen.

Oddveig Helseth Halle spela attåt salmane, og naturlegvis pre- og postludium. Sverre Hatle var klokkar, og Erik Moen var medliturg og sørga for at skipsklokka signaliserte begynnelse og slutt.

Ein liten gut vart døypt i det gamle dåpsfatet frå siste halvdel av 17-hundretalet frå Mo og Rindal sokn. Han fekk namnet Emil.

Sola skein slik passeleg, og folk kosa seg både under teltduken og attmed bord rundt omkring.

Preikenteksta  var frå Markusevangeliet om å elska Gud og sin neste. Vidar fekk fram at kjærleik slik Jesus meinte han skulle praktiserast, var at  vi skulle elska også  dei vi er ueinige med - og til og med ikkje likar.

Etterpå vart det sal av rømmegraut, spekemat, pølser og bakels.

 Bileta er tekne av Sigrid Sundsbø, Liv Astrid Arntsen og underteikna.