romjul lys Duvåsen_1024x768

Romjula 2013 - meir vår enn vinter

Trollheimsporten tok ein lang spasertur etter Almbergskleiva i varmegradene i dag på litt leiting etter lyset. Vi fant vatn, is og trefall - meir vår enn vinter - og vi fant litt lys over Børsetliene og Duvåsen (bildet). Det tek enno tid før sola når ned i dalføret.

 

Her over ser du lyset og sola skinne på skyene over Duvåsen. Den kjem ikkje over åsen og Børsetliene før det lir et godt stykke ut i januar. I alle tilfelle er det meir vår enn vinter om dagen, noko bildene under viser - først over Børset:

 

Under nesten vårleg med vatn og is.

 

Trefall er det mykje av - her ut i Surna: