Romjulsfest

Onsdag kveld inviterte "Syng med oss"-komitéen til Romjulsfest med Gammelkaran på Rindal Eldresenter. Den yngste var ikkje tenåring enda, og dei eldste hadde passert 92 år. Vi andre var nærare dei siste i alder. Det var både allsong og særnummer med Gammelkaran frå Meldal.

Leif Kleven styrte med programmet, Olga Løfald hadde verbalt innslag med opplesing av både skjemt og alvor med koseleg prat mellom.
Forsamlinga fekk ei koseleg stund med mykje allsong og ein god kaffe- og pratepause.
Lilly Øberg hadde gode historier på lager, og Per Landsem. Torolf Heggem og Mikal Kirkholt prata truleg ski.
Hovedgjestar og akkompagnatørar var Gammelkaran som har spela i lag sidan 1991 (dei fleste).
Alle viste tydeleg at dei sette pris på denne samlinga ved at dei deltok i allsongen og i applausen. Ny "syng med oss"- kveld blir det i januar att!
Tekst/foto: OleT