
Rotmokveld på Pakkhuset
Duoen Gøran Bolme og Lars Sæther innleia påska med Rotmokveld på Pakkhuset Kro i Todalen laurdag kveld. Etter kvart samla dei så å seie fullt hus, og dei tok publikum med på ei reise frå starten i 1974 med Vømmøl Spellmannslag og vidare fram til dagens Rotmo, melder todalen.no.

På reisa som foregikk i kronologisk rekkjefølgje, var Bolme og Sæter innom både Arbeidslaget, Heimevernslaget, Vømlingan og Ola Uteligger.
I to sekvensar utover kvelden fikk publikum gjenhør med mange av dei kjente Rotmo-visene, og den som har levd ei stund var påminnt om den store produksjonen av tekster og musikk som Rotmo hadde gjennom 70- og 80-talet.
Gøran Bolme fekk også mykje applaus for framføringa av Todalssongen sin “Vi er best”. Den var første gong framført på julekabareten, og hadde no fått eit ekstra vers for høvet.
Les meir og sjå fleire bilder på todalen.no, Trollheimsporten sin samarbeidspartnar.

.png)

