Årsmøte i heimbygdlaget

Rindal heimbygdlag arrangerte sitt årsmøte på frivilligsentralen denne veka. Her vart Ann Grimsmo gjenvalgt som leiar. Laget har sett i gang eit arbeid med å gje ut ei samling med rindalsord og laget har tatt på seg å stå som utgjevar av boka "Rindalshumor".

Det vart gjenvalg over heile fjøla da Rindal heimbygdlag hadde sitt årsmøte nyleg. Styret for 2009 består av Ann Grimsmo, leiar, Edgar Landsem, nestleiar, Gunnar Nergård Løseth, kasserar, Ragnhild Stavne Bolme, skrivar og Grete Sognnæs, styremedlem.
Rindal heimbygdag har 20 medlemmer og det var arbeidet med årsskriftet som var den viktigaste oppgåva for laget i 2008. Opplaget var på 700 eksemplar. Under Kulturvøkku arrangerte hembygdlaget kulturvandring i Løfallgrenda. Fredrik Løset fortalde om korleis landskapet har vorte forma. Ola E. Løfald og Ola L. Løfaldli fortalde om husmannsplassar i grenda. Mykje folk var med på ei interessant vandring som starta på Hafella og vart avslutta ved Elvahuset.
Songboka "Syng sjøl" vart gjeve som gåve til skulane og barnehagane i bygda. Vidare er det sett i gang eit arbeid med å gje ut ei samling med rindalsord. Edgar Kattem er i gang med det arbeidet.
Laget har og teke på seg å stå som utgjevar av boka "Rindalshumor", som Magne og Fredrik Løset og Ivar Bakk arbeider med. Boka er enno ikkje ferdig.
Til slutt har Rindal heimbygdlag fått i oppdrag frå livsløpskomiteen å velge 2 medlemmer i utvalg til forprosjektering av bygdehistorie for Rindal. Styret har kome med dette forslaget: Helene Marie Nergård og Ole Trygve Foseide.
Frå årsmøtet i Rindal heimbygdlag - frå venstre Ragnhild Stavne Bolme, Astrid Flø, Asbjørn Flø og Gunnar Nergård Løseth.