
Hugs å registrere nye kontaktopplysningar
Årsmøtetid!
Vi er no inne i den travlaste årsmøtetida, og nye personar kjem inn i styre og stell i lag og organisasjonar. Har din organisasjon meldt inn nye, oppdaterte opplysningar til Trollheimsporten? Viss ikkje kan du risikere at viktig informasjon ikkje kjem fram i tide. I Surnadal vart til dømes denne lista bruka da kommunen inviterte til møte om kvar ein kan søkje om pengar til forskjellige tiltak sist haust. Slike møte er det surt å gå glipp av! Du kan gå inn på lista over lag og organisasjonarog sjekke opplysningane om din organisasjon ved å klikke her. I kolonnen heilt til høgre kan du sjå når opplysningane sist vart oppdatert. Nye opplysningar kan sendast til norunn@trollheimsporten.no for Surnadal og willy@trollheimsporten.no for Rindal.

.png)

