
Rugged Wilderness i Buldoserlaget

Vi fekk høre musikk i grenselandet mellom pop, jazz og punk. Dei to aktørane veksla mellom mange instrument rundt stemmen til Maria og pianoet hennar. Åpningsmelodien "Dropping Feathers" var vár og melodisk, medan vi deretter fekk høre "Wings on Hold", som hadde eit temmeleg røft lydbilde, - rugged?
Kim Aksnes støtta opp med melodika, klokkespel, trompet i tillegg til koring. Det var særleg fint å høre kor vart og mjukt han fekk trompeten til å flyte i lag med stemmen til Maria. Han bruka også ein stylofon, eit instrument han hadde kjøpt på Teknisk Museum. Det gav både melodi, rytme og elektroniske effekter.
I melodien "Awake" fekk vi oppleve artig presisjon mellom piano og klokkespel og ein liten elektronisk boks.

Forsamlinga undra seg da Maria tok opp ein megafon - var ho redd for at stemmen hennar ikkje skulle rekke fram? Så fekk vi høre det motsette - ein stille, svak song, "Snow", til minne om storebror Geir Olav som omkom rett før jul i fjor i snø og is. Song i megafon akkompagnert av Kims trompet gav ein merkeleg effekt.
Som ekstranummer etter ønske frå Trollheimsporten, fekk vi ei varm tolking av Knutsen og Ludviksens "Når det piper i telefonen".
Vi prøvde å få ei forklaring på kva som låg bak namnet "Rugged Wilderness & Mountain Man No More", men fekk eigentleg lov til å tolke det sjølv! Det er jo nokså sjølvmotseiande - rå villmark og ingen fjellmann lenger! Hør musikken på MySpace og finn gjerne ei anna tolking av namnet!

.png)


