tor rune halset, rune dalager, anders larsen 2

Rune Dalager ny styreleiar i Laget Vårsøg

Onsdag vart Rune Dalager valt til ny styreleiar i Laget Vårsøg etter Tor Rune Halset. Det melder Laget Vårsøg i ei pressemelding. Dalager fortel til Trollheimsporten at han gler seg til oppgåva, og at han gler seg til å samarbeide med både styre, dagleg leiar, Henning Sommerro og dei frivillige.

Foto: Tor Rune Halset, Rune Dalager og Anders Larsen (Foto: Laget Vårsøg).

I pressemeldinga vert det gjort klart at styret i Laget Vårsøg ser slik ut etter årsmøtet:

Leiar: Rune Dalager
Nestleiar: Karin Aasbø
Styremedlemmer: Ingvild Kårvatn, Karstein Mauset Kjersti Mahle Brøske, Jon Arne Mogstad og Anne Lise Wullum
Vara: Lars Polden og Stine Valde.

Dalager, som til dagleg jobbar ved Surnadal og Rindal kulturskole, har i ei årrekkje vore sentral i kulturlivet i Surnadal.

I tillegg til jobben som gitar- og bandlærar, har 42-åringen vore involvert i ei rekkje musikalske prosjekt - både som utøvande musikar, lydmann og administrator.

Den rykande ferske Laget Vårsøg-leiaren, som opprinneleg kjem frå Kristiansund, var og sentral ved oppstarten av Surnadal Konseptutvikling (SKUV), og er mannen bak konseptet "Surnadals Hyllest til...".

I ein kommentar til Trollheimsporten fortel Dalager at han gler seg stort til å ta fatt på oppgåva som styreleiar for Laget Vårsøg, og seier:

- Det er ei voldsom tillitserklæring å bli spurt. Det er ein rutinert gjeng i styret frå før, med solid og brei bakgrunn frå Vårsøghelga, som eg gler meg til å arbeide saman med. Med Anders, Henning, og ikkje minst alle dei uunnværlege frivillige, som legg ned ein heilt essensiell innsats for Vårsøghelga, med på laget, ser eg fram til dette.

 

Laget Vårsøg er medlem av Trollheimsporten.