tp_leserinnlegg

Ruspolitikk

Ruspolitikk er eit av dei viktigaste områda innan helse- og sosialpolitikken. Enkelte ønsker å gjere området til eit spørsmål om tru eller livssyn, men først og fremst er det eit viktig politikk-område for både riks- og lokalpolitikken. Derfor er det etter mitt syn trist at så mange parti synest å mangle kunnskap og gir uklare signal i ruspolitikken, og at denne delen av sosial- og helsepolitikken i stor grad blir gjort til eit saksområde for spesielt «truande» og kristeleg interesserte.

Enkelte synest også å meine at i eit moderne samfunn som det norske, trengst ikkje «regulatoriske virkemiddel» lenger – trass i tilrådingar t.d. frå Folkehelseinstituttet. Dei meiner at folk er så modne og fornuftige at det kan eller bør vere tilgang på alkohol over alt – sjølv om det førebels er langt mellom dei som vil ha alkoholservering på skole og barnehage – eller på Rådhuset. Organisasjonen «Av-og-til» har som kjent sikta ut 8 punkt eller soner i samfunnet der vi bør vere samde om skal vere rusfrie. (Trafikkmiljøet, oppvekstmiljø for barn og unge, arbeidsplassen o.a.) Og som kjent er det ein samanheng mellom totalforbruket av alkohol og antallet personar som får problem. Jo høgare totalforbruk, jo fleire problembrukarar, og jo fleire rusmiddelskader.

Arbeidarrørsla hadde lenge svært sterke talspersonar for ein restriktiv rusmiddelpolitikk, og tradisjonelt har arbeidarrørsla sett at rusmidla rammar mange hardt, og mest dei med den svakaste økonomiske og sosiale bakgrunnen. Etter mitt syn er det beklageleg dersom DNA no lokalt ikkje lenger ser behovet for regulatoriske virkemiddel i ruspolitikken, og meiner at det lov- og regelverket som er bygd opp rundt omsetting av alkohol, ikkje lenger er noko å ta omsyn til. Som fleire har påpeikt, er det i beste fall svært uryddig av det politiske fleirtalet i Surnadal at skjenkeløyvearealet blir utvida midt i tildelingsperioden, og at hotellet som har fått skjenkeløyve, får ekspandere inn på Kulturhuset, som er arena for både trafikkventerom, kino, bibliotek, kulturskole etc. Alle metoo-sakene i dei ulike partia det siste året, burde elles ha lært oss at det er nyttig med ryddige retningslinjer rundt rusmiddelbruken.

Elles synest eg det er uinteressant om hotell-direktøren eller ein eller fleire av politikarane i dei ulike partia er fråhaldsfolk eller ikkje. Sjølv om eg er bilist, aksepterer eg ei lang rekke restriksjonar i bilismen. Slik bør det etter mitt syn også vere når det gjeld alkohol. Og etter mi vurdering, bør tilgangen på alkohol alt vere såpass lett og rikeleg i Surnadal, at det bør vere overkommeleg, uansett kor alkoholtørst ein er!

Eivind Hasle
m.a. 14 år fylkesleiar i Actis, Rusfeltets samarbeidsorgan
(Paraply for både fråhaldsorg, behandlingsorg, russkadde, pårørandeorg, o.a.)