Ruth Sætherø til minne
Tidlegare lærar og rektor Ruth Bjerkan Sætherø døde i september. Eit stilt og samtidig ruvande menneske, ein institusjon, eit begrep for generasjonar i Bøfjorden har teke farvel. Gjennom fire ti-år la ho si arbeidskraft og si omsorg i å skape og behalde eit godt oppvekstmiljø i bygda. Og vi ber med oss kunnskapen og ideala ho formidla. Medrekna songskatten, glimta inn i bokeventyret, dei velforma teikningane på plansje og tavle og, ikkje minst, den makelaust vakre handskrifta. Inntrykk som aldri viskast ut.
Som ein frisk vind, vakker og sporty og med moderne pedagogisk innsikt kom Ruth nyutdanna til Bøfjorden i 1954. Eg som skriv desse linene, starta som elev samtidig og opplevde alt første dagen omsorga hennar – ho tørka tårane og tente nytt mot hos 7-åringen i møtet med den store verda. Ja, ved sida av å undervise fekk ho jamen plastre mange skrubbsår og stille mykje barnegråt opp gjennom åra – «Ho Ruth» var ikkje berre lærar og styrar, ho var som ei mor for så mange. Mild og bestemt, slik gode mødre er.
Ho var friluftsmenneske. Som lærar tok ho oss med til stranda og på fjellet – i god samhandling med sin kjære kollega Synnøve. Dei lærte oss å bli glad i dyr og plantar og i alt som rørte seg i bygda.
Fysisk fostring var ei kjernesak for Ruth. Ikkje berre kunne ho svømme ut til holmane og vandre alle fjell. Både i skulen og i bygdesamfunnet stimulerte ho til skirenn og friidrett – «ryggen rak og blikket fritt» - med sjøllaga startnummer og diplomar.
At Bøfjorden er ei bygd med uvanleg aktivt trim-miljø, skal også ho og ektemann Ingebrigt ha mykje av æra for. Endatil «Kyrkjetrim» lanserte Ruth – ånd og kropp i naturleg samspel. Så lenge helsa heldt, hadde ho sin faste plass i Åsskard kyrkje.
Den nye Bøfjorden skule frå 1970 vart arena for hennar målbevisste kultivering av oppvekstmiljøet. Som kollega med Ruth i 25 år merka eg alltid den ryddige orden og innsats som prega alt ho gjorde.
Også som pensjonist etter dei 40 åra ved skulen var ho lenge aktiv i lokalsamfunnet. Difor var det særleg sårt at eit uhell skulle gjera henne fysisk redusert den siste tida.
For det høgreiste og idealistiske skulemennesket Ruth Sætherø – som for mange andre – var det eit tungt slag da Bøfjorden skule vart nedlagt for eit par år sia. Men eit stort livsverk kan ikkje raserast med politiske vedtak. Vi er mange som ber med oss frukter i form av kunnskap og grunnverdiar etter dei frø ho sådde i livsgjerning. Og dei kan ingen ta frå oss.
Ved Bøfjord-skulen står eiketreet som i Ruth si tid vart planta som symbol på kunnskap og kultur som skal vekse. Lenge såg det speleg ut om treet ville røte seg og leva. Men Ruth stod i spissen for å vatne og verne den spinkle planta – slik ho i alle år vatna og kultiverte dei kunnskapens frø ho sådde i små bøfjordingar.
Så gå difor opp på skulebakken i Bøfjorden i dag. Da ser du eit frodig eiketre rage høgt mot liene og mot himmelen. Kan hende det løftar greinene for henne som no er borte: For det som er sådd i omsorg og tolmod, det står - om vindane skiftar!
Fred med eit stolt minne!
...................
Bernt Gudrunson Bøe
Ruth Sætherø (t.v.) og Synnøve Moen (Heggem) (t.h.) saman med elevar på Bøfjorden skule rundt 1965. Jenter frå venstre: Eldbjørg Bøe, Grete Bøklepp, Anne Lise Bæverfjord, Brit Stolsmo, Elin Settemsdal, Mary Lovise Settemsdal, Inger Karin Engdal, Oddny Synnøve Bøe og Kari Bæverfjord.
Gutane: Svein Sættem, Morten Skavern, Jon Mogstad Neergård, Håkon Sæterøy, Anton Bøe, Inge Bøe, Ivar Reidar Settemsdal, Terje Gjengstø, Svein Settemsdal og Helge Inge Bekken.
Ruth som heidersgjest under 40-årsjubileet for Bøfjorden skule i 2010 – saman med dei to siste rektorane ved skulen, Bernt G. Bøe og Anne Marie Brun.