tp_leserinnlegg

Så blei det 28 færre institusjonsplassar på få år i Surnadal

Surnadal kommune si høgste myndighet, kommunestyret, har 14. desember tatt avgjerda. Mot stemmene frå Nils Petter Tonning, FrP, Mali H. Gravvold, KrF, og Ann Grete Gravvold, Ap, vedtok fleirtalet i Surnadal kommunestyre å legge ned 8 sjukeheimsplassar for å få kommunebudsjettet for 2018 vel i hamn. Mindretalet ville bruke 2,1 millionar kroner av disposisjonsfondet for å berge dei 8 sjukeheimsplassane. Det ville da framleis vere over 10 millionar kroner igjen på dette fondet. Dette ville ikkje fleirtalet vere med på. Vedtaket om nedlegging er mellombels. Eg er redd for at det blir varig. Tek eg feil blir eg glad.

Bruken av midlar frå disposisjonsfondet for å redde dei 8 sjukeheimsplassane vart diskutert i kommunestyret, i følgje referat i lokalavisene. Nils Håvar Øyås skal i følgje avisa Tidens Krav av 15. desember (s.4) ha uttala seg slik: «Det er et billig politisk poeng når Frp stiller seg opp i avisene og vil bruke av disposisjonsfondet for å redde de åtte sengene». Dette er vel om lag like  usakleg som om eg hadde sagt at det tek seg dårleg ut av Øyås å bli avbilda på førstesida i avisa Driva av 29. november med eit stort smil om munnen under hovudoppslaget om at formannskapet vil stenge åtte sjukeheimsplassar. Slikt skal ein etter mi meining ikkje le av.  Eg kan heller ikkje skjøne argumentasjonen om at ein er på farefulle vegar om ein kortvarig brukar av disposisjonsfondet for å opprettalde drifta ved sjukeheimen. Her det spørsmål om å kutte i drifta, ikkje å skape auka driftsutgifter. Etter som eg forstår er det spørsmål om midlertidig stenging av dei 8 sjukeheimsplassane. Da vil eg tru det må bety at allereie ved utarbeidinga av budsjettet for 2019 må spørsmålet om å ta i bruk dei midlertidig nedlagde plassane vurderast på nytt.

Med bakgrunn som utdanna kommunalkandidat og med over 30 års røynsle som etatsjef innan helse- og sosialsektoren i fleire kommunar, samt 4 års fartstid som ordførar, meiner eg det må kunne forsvarast å bruke av disposisjonsfondet for ein kort periode, kanskje berre for eit år, i ei så viktig sak som denne. Det meiner eg verkeleg!

Elles verkar det som at framskrivingstala til Statistisk Sentralbyrå om den venta store auken i talet på 80-åringar allereie frå 2019 av og vidare fram til 2030 har vore lite omtala i budsjettdiskusjonen. Like fullt er det ein realitet ein ikkje kan sjå bort i frå. Eg vil og peike på at uttalar frå dei eldre sine organisasjonar, dei pårørande og hovudtillitsvalde for Sjukepleiarforbundet og Fagforbundet må takast på alvor og vurderast grundig. 

Frå før har Surnadal kommune lagd ned 20 institusjonsplassar. 15 av desse skriv seg frå nedlegginga av Stangvik aldersheim. Dei 5 andre er nedlagde sjukeheimsplassar ved Surnadal sjukeheim. Den samla nedlegginga så langt blir da 28 institusjonssplassar.

Eg finn grunn til å sitere frå Pasient- og brukarombudet i Møre og Romsdal si årsmelding for 2016 kor det under avsnittet «5.5 Rett til sykehjemsplass – «Brutte løfter» i tomme vedtak» på s. 13 heiter: «Vi ser med bekymring på utviklingen med at stadig flere kommuner legger ned sykehjemsplasser eller omgjør plassene til omsorgsboliger. Nedlegging og omgjøring begrunnes ofte med at kommunene skal satse mer på hjemmebaserte tjenester, som er bra i seg selv. I tillegg ligger det ofte et krav om økonomisk innsparing til grunn for endringen. Vår oppfatning er at med prognosene for alderssammensetning i befolkningen i de nærmeste årene, vil det være et økende behov også for sykehjemsplasser – ikke færre, men flere. Sett i lys av rettighetsfesting av sykehjemsplass som trådte i kraft i 2016 og utviklingen med nedlegging av sykehjemsplasser, vil stadig flere brukere sannsynligvis oppleve tomme vedtak og brutte løfter fremover. Ansvarlige kommunepolitikere må her være bevisst sine valg». Alvorsord frå Pasient- og brukarombudet i fylket dette.

Trass alle nedleggingane må ein sjølvsagt sjå positivt på framtida og gjere det beste ut av situasjonen. Heimebasert omsorg er Surnadal flink på. I den rådande situasjon kjem dette no vel med. Dei tilsette innan pleie- og omsorgstenestene i Surnadal utfører gjennomgåande ein framifrå jobb! Lykke til vidare. Eg vil tru utfordringane kan bli store.


Johs. J. Vaag