SACC Cars & Coffee
Bak denne overskrifta gjømmer det seg uformell samling av bilar og motorsyklar i regi av Surnadal AmCar Club med servering av kaffe, hamburger, pølse mm.
Frå venstre: Bjørn Helge Sætereng, Jon Olav Holten, klubbledar Geir Børstad og Olav Helgetun.
Denne søndagen var det Cars & Coffee ved klubbhuset i Røtet som oppfølging av Motorfestivalen som Nordmøre Gatebilklubb hadde lørdag. Dette er ei møteform som er importert frå Amerika, og den er berre 3-4 år i Norge, fortel ledar i AmCar-klubben, Geir Børstad.
Motorinteressa er stor i dalføret - gatebiltreff, kaffetreff og BMW-treff same helg og fleire motorklubbar. Folk var det alle stadene både for å delta, sjå og vise seg fram.
Børstad understreker det gode samarbeidet det er mellom dei ulike motorklubbane i dalføret.
- Vi vil ikkje sitte på kvar vår tue og vere sære! sa han.
AmCar-klubben har hatt fleire slike uformelle treff, siste gong møtte 120 kjøtrety!
- Det blir fleire treff, så følg med – nytt treff kan bli annonsert når som helst, spontant og enkelt! seier Børstad.
Følg med på AmCar-klubben si Facebookside!
Vi tok ein runde og såg på dei frammøtte doningane.
Denne Folkevogna frå 1964 er den mest originale, det vil seie – i mest original stand. Den er i topp stand, har gått 61 000 km og har hatt tre eigarar. Eigar no er Bjørn Helge Sætereng.
Original er også denne store, gule bobilen!
- Den er heimbygd, fortel, Tore Sether frå Molde.
Det starta med ein Iveco Dayly 4010 4x4. Den er forlenga 60 cm og påbygd ein lastebilskåp som er snudd att-fram. Så har han klinka og sveisa saman dette i god dialog med Biltilsynet. Han trur nok at har har bruka 2000 timar på dette.
Bilen er registrert som 4-seters personbil på rundt 4 tonn. I fjor kjørte dei 15 000 km med den, Molde - Haugesund - Sverige - Røros - Molde.
Sether skar sjølv ut dei opningane han trong i lastebilskåpet.
Denne BMWen har starta på vegen i California og er ein BMW 750iL med 12-sylindra motor (V12) på 5,4 liter volum. Du kjem nok ikkje under literen på mila med denne, men du- kor stilt han gjekk!
Inne i bilen finn du skinn, rimeleg nok handsydd. Også baksetene har elektrisk justering på rygg og korsrygg. Beinplass og bagasjeplass er tilstrekkeleg.
Fleire bilde frå plassen ved klubbhuset til Surnadal AmCar Club.