Sagnet om Jøtulsteinen
Godt synleg, på austsida av Slågda oppi Løfallfjella, ligg Jøtulsteinen. Det er knytt eit gammalt sagn til han.
I kort versjon er sagnet slik:
- Langt atti tida, budde det ein jøtul oppi Høgfjellet og ein oppi Garbergsfjellet. Ein gong vart dei kraftig uforlikte, og endskapen var at Garbergs-jøtulen i fullt sinne kasta iveg ein stein over dalen mot Høgfjell-jøtulen. Steinen trefte ikkje, og vart liggande der under Slågda, og der ligg han den dag i dag. Du kan enda sjå merke etter fingrane til Garbergs-jøtulen på steinen. (-iallfall viss du har god fantasi...)
Viss noen kan dette gamle sagnet meir detaljert, ta kontakt med underskrivne, eller skriv til redaktor@trollheimsporten. Kva var dei uforlikte om?
Anne Skjølsvold

.png)

