
Sal av gammelskulen i Todalen
26.03.10Talgø Invest AS har søkt Surnadal kommune om å overta eigarskapet av gamle Todalen skule, for å sette denne i stand til utleigebustader og gjennomgangsbustader.
Andre interesserte
Saka har tidlegare vore behandla i Formannskapet der Palmer Vikan (KrF) sitt forslag om å leggje skulen ut for sal for minimum kr. 200.000.- pluss salskostnadar vart vedteke. Under debatten i kommunestyre kom det fram at det allereie for tre år sidan var andre interesserte kjøparar som hadde vore i kontakt med kommunen for å kjøpe bygget.
Boligformål
Fleire av kommunestyrerepresentantane frå Todalen støtta rådmannens tilråding om å la Talgø Invest kjøpe bygget fordi dei var opptekne av å kunne tilby nye utleigeboligar i Todalen. Formannskapet si tilråding om å leggje ut gammelskulen for sal vart vedteke mot fem stemmer.
Det vart fremma eit nytt punkt om at skulen skal brukast til boligformål og ikkje til ferie/fritidsbolig. Dette punktet vart einstemmig vedteke.

Les meir om saka her: Sal av gammelskulen i Todalen

.png)

